Pressemelding
Valutakjøpa til Noregs Bank i juli 2014
Noregs Bank vil ikkje kjøpe valuta til Statens pensjonsfond utland i juli 2014.
Noregs Bank står for avsetningane til fondet på vegne av staten. Overføringane skjer månadleg i utanlandsk valuta. Behovet fondet har for valuta, blir dels dekt frå Statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE) og dels ved kjøp Noregs Bank gjer i marknaden.
For meir informasjon, sjå Valutakjøp til Statens pensjonsfond utland
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no