Pressebulletin nr. 6/1997: Kreditt- og valutatilhøva
Noregs Banks kredittindikator auka med 8,0 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av april, mot 7,4 prosent (reviderte tal) i tolvmånadersperioden mars 1996 - mars 1997. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. Den underliggjande veksten i indikatoren var 9,1 prosent ved utgangen av april, mot 7,6 prosent ved utgangen av månaden før. Den underliggjande veksten er definert som veksten i gjennomsnittleg behaldning frå førre til siste tremånadersperiode korrigert for valutakursomvurderingar og omrekna til årleg rate.
Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 2,6 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av april. Ved utgangen av mars var tolvmånadersveksten 0,7 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var -2,8 prosent ved utgangen av april, mot -2,5 prosent ved utgangen av månaden før.
I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta 3,5 prosent og effektiv tremånadersrente 3,6 prosent 30. mai. Eurokronerenta med tolv månaders løpetid var 4,0 prosent. Eurokronerentene med ein månads og tre månaders løpetid var uendra frå 30. april, medan eurokronerentene med tolv månaders løpetid auka med 0,1 prosenteiningar. I interbankmarknaden var effektiv einmånads- og tremånadersrente uendra, respektive 3,6 og 3,7 prosent. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,8 prosenteiningar 30. mai, det same som 30. april.
I perioden frå 30. april til 30. mai svekka kronekursen seg med 0,9 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 100,60 og 102,19. Målt ved den effektive kronekursen til industrien svekka verdien til den norske krona seg med 1,4 prosent.
Noregs Bank kjøpte valuta for 2,3 milliardar kroner i perioden frå og med 28. april til og med 23. mai. Statistikken viser at bankane selde valuta til utlendingar for 4,4 milliardar og kjøpte valuta frå innlendingar for 7,6 milliardar i denne perioden.
Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 193,9 milliardar kroner ved utgangen av april 1997, samanlikna med 185,9 milliardar kroner ved utgangen av mars 1997.
Nedgangen i bankane sine utlånsrenter var sterkare i første kvartal 1997 enn i noko av kvartala året før. Utlånsrentene gjekk såleis ned med 0,7 prosenteiningar til 6,0 prosent ved utgangen av første kvartal. Også rentene på bankinnskot fall med 0,7 prosenteiningar og var 2,6 prosent ved utgangen av perioden. Rentemarginen var såleis den same ved utgangen av første kvartal 1997 som ved utgangen av kvartalet før. Livsforsikringsselskapa sine utlånsrenter gjekk ned med 0,6 prosenteiningar i første kvartal og var 5,2 prosent ved utgangen av kvartalet. Kredittføretaka sine utlånsrenter fall med 0,2 prosenteiningar i den nemnde perioden til 6,5 prosent. Rentene på utlåna frå dei statlege låneinstitutta fall med 0,4 prosenteiningar og var 4,7 prosent ved utgangen av første kvartal.
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no