Kva er finansiell stabilitet?

Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er robust overfor uro i økonomien, slik at det er i stand til å formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte.

Ut frå erfaring byggjer grunnlaget for finansiell ustabilitet seg opp i periodar med sterk vekst i gjeld og formuesprisar. Bankane har ei sentral rolle i kredittyting og betalingsformidling. Bankane er såleis viktige for finansiell stabilitet. Sjå kapittel om finansiell stabilitet i Noregs Banks skriftserie nr. 34, "Norske finansmarkeder - pengepolitikk og finansiell stabilitet".

Definisjonar av finansiell stabilitet kan likevel variere mellom land og institusjonar. Noregs Bank har valt ein brei definisjon, sjå foredrag av sentralbanksjef Svein Gjedrem 12. mai 2005 (Berre engelsk tekst).

Makroøkonomisk stabilitet er ein viktig føresetnad for finansiell stabilitet. Styresmaktene søkjer å sikre finansiell stabilitet ved tiltak som både skal hindre at problem i ein marknad eller ein finansinstitusjon oppstår, og at dei spreier seg til andre marknader eller institusjonar. For dette formålet er det innført innskotssikringsordningar, kapitaldekningskrav og andre reguleringar. Det går heile tida føre seg eit arbeid både nasjonalt og internasjonalt med sikte på å gjere institusjonar og marknader meir robuste overfor økonomiske forstyrringar.

I Noreg er styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Sjå også vedlegg til brev av 16. desember 2005 om samarbeidet.

  • Finansdepartementet har eit overordna ansvar for at landet har ei velfungerande finansnæring. Departementet har også ei viktig rolle i koordineringa av verksemda hos dei tre partane dersom det skulle oppstå ei finansiell krise.
  • Kredittilsynet har eit særleg ansvar knytt til soliditet, styring og kontroll i finansinstitusjonane, og har direkte tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren.
  • Noregs Bank skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Noregs Bank overvakar derfor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje utviklingstrekk som kan svekkje stabiliteten i det finansielle systemet. Skulle det oppstå ein situasjon der den finansielle stabiliteten er truga, vil Noregs Bank og andre styresmakter om nødvendig setje i verk tiltak som kan styrkje det finansielle systemet. Noregs Bank vil kunne tilføre ekstraordinær likviditet til enkeltbankar eller til banksystemet som heilskap. Noregs Bank sitt ansvar for stabiliteten i det finansielle systemet er forankra i sentralbankloven paragrafane 1 og 3 (Lovdata).

IMF vurderte i 2005 sårbarheit og risiko i det finansielle systemet i Noreg. Sjå rapporten Norway: Financial System Stability Assessment, including Reports on the Observance of Standards and Codes on the following topics: Banking Supervision, Insurance Regulation, and Payment Systems (pdf, 692 kB)

Arbeidet med finansiell stabilitet i Noregs Bank er organisert i Noregs Bank finansiell stabilitet. Oppgåvene for området er i første rekkje å overvake og analysere finansinstitusjonar, finansmarknader og infrastrukturen for avrekning og oppgjer, utøve konsesjonsansvar for interbanksystema, gjennomføre oppgjeret mellom bankane som deltek i Noregs Banks oppgjerssystem (NBO) og sørgje for kontantforsyninga.

Bookmark and Share