Norges Bank

Skiljemyntsetlar

Dei to verdskrigane skapte eit stort behov for kontantar, særleg var etterspurnaden etter skiljemynt prekær i forhold til det som kunne produserast.

I 1917 står det følgjande i Ot.prp. nr. 70: «Norges Banks direktion har i en skrivelse av 8de september 1917 meddelt departementet, at mangelen paa skillemynt nu er blit likefrem utaalelig. Den ene bedrift efter den anden klager over, at de ikke kan skaffe sine arbeidere den bestemte løn, og handelsmændene kan ikke veksle kundernes pengesedler.»

Dette resulterte i ei lov som opna for å trykkje 1- og 2-kronesetlar.

1-kronesetel

Utgitt 1917–1925, ugyldig frå 1926. Antal: 68 000 000. Format: 105 x 68 mm.

1-kroneseddel, forside

Framside: Teksten EN KRONE.

1-kroneseddel, bakside

Bakside: Krona riksvåpen på olavsrose.

2-kronesetel

Utgitt 1918–1925, ugyldig frå 1926. Antal: 17 400 000. Format: 105 x 68 mm.

2-kroneseddel, forside

Framside: Teksten TO KRONER.

2-kroneseddel, bakside

Bakside: Krona riksvåpen på olavsrose.

Også under den andre verdskrigen oppstod det raskt myntmangel, så alt i 1940 blei det laga skiljemyntsetlar. Dei var gyldige til 1950.

1-kronesetel

Utgitt 1940–1950, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 131 500 000. Format: 100 x 64 mm.

1-kroneseddel, forside

Framside: Teksten 1 KRONE, vignett med valøren.

1-kroneseddel, bakside

Bakside: Vignett med valøren.

2-kronesetel

Utgitt 1940–1950, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 68 100 000. Format: 100 x 64 mm.

2-kroneseddel, forside

Framside: Teksten 2 KRONER, vignett med valøren.

2-kroneseddel, bakside

Bakside: Vignett med valøren.

Londonsetlar

Under 2. verdskrigen blei det trykt to norske setelseriar i London.

Planlegginga av den eine serien tok til alt i 1941. Alle valørane frå 1000 kroner til 1 krone blei produserte, og tanken var å bruke dei som omvekslingssetlar mot den eksisterande setelmassen etter at krigen var slutt. Dei blei aldri sette i sirkulasjon.

Den andre serien var såkalla krigssetlar og dekte valørane 100 kroner til 5 kroner. Det stod KRIGSSEDDEL på dei, og tanken var å bruke dei dersom det blei aktuelt med ei militær gjenerobring av landet. Etter at tyskarane hadde kapitulert, blei allierte soldatar sende til Noreg med slike setlar. Nokre av dei, kanskje omkring 2 millionar kroner, kom i omløp før ein rakk å sende over setlar til Storbritannia frå det frigjorde Noreg.

Sist endret 31. oktober 2008 11:24
Sist endret 31. oktober 2008 11:24