Pengemarknadsporteføljen

Pengemarknadsporteføljen skal vere plassert slik at han på kort varsel kan brukast til intervensjonar i valutamarknaden som ledd i gjennomføringa av pengepolitikken eller ut frå omsynet til finansiell stabilitet. I tillegg skal pengemarknadsporteføljen kunne brukast til andre typar transaksjonar i marknaden, inkludert

  • frivillige kjøp og sal av SDR på oppdrag frå IMF og andre transaksjonar i SDR
  • IMFs trekk på kronekontoen i Noregs Bank
  • oppbygging av petroleumsforsikringsfondet og transaksjonar mellom petroleumsforsikringsfondet og pengemarknadsporteføljen

Pengemarknadsporteføljen inngår som ein del av valutareservane og blir forvalta av Noregs Bank Pengepolitikk (PPO).

 

Rapportar

01.11.2011 Rapport for tredje kvartal 2011
26.08.2011 Rapport for andre kvartal 2011
03.06.2011 Rapport for første kvartal 2011