Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at både variasjon i inflasjon og variasjon i produksjon og sysselsetjing blir tillagde vekt.
Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær målet på mellomlanf sikt. Den aktuelle horisonten vil avhenge av forstyrringane økonomien er utsett for og korleis dei vil verke inn på utviklinga av inflasjon og realøkonomi framover.