Pressemelding 30. april 2012

Valutakjøpa til Noregs Bank i mai 2012

Noregs Bank vil i mai kjøpe valuta for 350 millionar kroner kvar dag til Statens pensjonsfond utland.

Behovet fondet har for valuta, blir dels dekt frå statens direkte økonomiske engasjement i oljeverksemda (SDØE) og dels ved kjøp Noregs Bank gjer i marknaden.

Finansdepartementet fastset storleiken på den månadlege avsetninga til fondet. Noregs Banks kjøp av valuta er lik differansen mellom denne avsetninga og dei anslåtte valutainntektene i SDØE. Det blir justert for eventuelle revisjonar av anslaga. Det medfører at dei daglege kjøpa kan variere ein del frå månad til månad. Dei daglege valutakjøpa blir fastsette for éin månad om gongen og blir kunngjorde siste arbeidsdagen månaden før.

Sjå http://www.norges-bank.no/valutakjop/.

Bookmark and Share