Pressemelding 8. februar 2012

Gamle setlar blir verdilause

Snart mister den førre setelutgåva – utgåve VI – sin verdi. Det er framleis mange setlar av denne utgåva i sirkulasjon. Noregs Bank si plikt til å løyse inn desse setlane tek slutt 1. november 2012.

– Vi oppfordrar publikum til å finne fram gamle setlar frå skuffar og skap. Byt inn dei gamle setlane i nye setlar før dei blir verdilause, seier direktør Trond Eklund i avdeling for kontante betalingsmiddel. Fristen for innløysing er 1. november 2012 og gjeld for desse setlane:

  • 50-kronesetlar med portrett av Aasmund O. Vinje
  • 100-kronesetlar med portrett av Camilla Collett
  • 500-kronesetlar med portrett av Edvard Grieg
  • 1000-kronesetlar med portrett av Christian Magnus Falsen

Setlar utgåve VI

Setlane i utgåve VI

Alle som ønskjer å veksle inn slike setlar, må gjere det før 1. november. Setlane kan du løyse inn på desse stadene:

  • Ved hovudkontoret til Noregs Bank i Oslo
  • Ved depota til Noregs Bank (som blir drifta av Nokas) i Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø
  • I bankar som tilbyr denne tenesta til kundane

Meir informasjon om innløysing av gamle setlar og myntar finn du på nettsidene våre.

 

Kontakt:

Kommunikasjonsrådgivar Kari-Anne Røisgård
Tlf. 22 31 67 07 / 470 23 346

Direktør i avdeling for kontante betalingsmiddel Trond Eklund
Tlf. 22 31 63 01 / 977 49 787

Bookmark and Share