
− 50-øringen vil vere tvunge betalingsmiddel og kan brukast på ordinær måte fram til 1. mai i år. Dersom du sit på mange 50-øringar som du ikkje ønskjer å behalde, bør du bruke desse ved betalingar eller veksle dei inn hos din bankforbindelse innan denne datoen, opplyser direktør Trond Eklund i avdeling for kontante betalingsmiddel.
Ved utgangen av mars 2012 er det om lag 370 millionar slike 50-øringar i sirkulasjon. Etter 1. mai 2012 er det bare Noregs Bank som er pliktig til å løyse inn 50-øringen. Denne plikta gjeld i 10 år.
Tilbaketrekkinga fører òg til at nemninga øre forsvinn på norske myntar, og at beløp som skal betalast med kontantar, etter 1. mai 2012 skal avrundast til nærmaste heile krone.
50-øringen som brukast i dag blei utgitt 16. september 1996. Kongekrona er brukt som motiv på framsida av denne mynten. Baksida av mynten viser eit fabeldyr frå Urnes stavkyrkje i Luster kommune og er formgitt av polskfødde Grazyna Jolanta Lindau.
Meir informasjon om tilbaketrekking av 50-øringen er lagt ut på nettsidene våre.
Dersom du ønskjer meir informasjon, ta kontakt med:
Kommunikasjonsrådgivar Synne Ekrem tlf. 22 31 69 11/ 997 67 996
Direktør i avdeling for kontante betalingsmiddel Trond Eklund
tlf. 22 31 63 01 / 977 49 787
Bileter i høg oppløysing:
50-øre advers (1 MB)
50-øre revers (1 MB)