- Motiva på dei to idrettsmyntane i sølv dannar ein flott heilskap og viser på ein levande måte spennvidda i norsk idrett, uttalar assisterande direktør Leif Veggum i Noregs Banks avdeling for kontante betalingsmiddel. Han peikar òg på at figurane i frisene går i kvarandre og dermed illustrerer fellesskap og samhald.

Noregs Bank inviterte seks deltakarar til ein konkurranse om utforminga av baksida på myntane. Vinnarmotiva er utforma av Uniform Strategisk Design ved Ina Viktoria Kristiansen. Kongeportrettet av Harald V blir brukt som framsidemotiv på begge myntane. Dette motivet er utforma av formgivar Ingrid Austlid Rise ved Det Norske Myntverket.
Noregs Bank samarbeider med NIF og Ski-VM 2011 om å gi ut myntane. Lanseringa av myntane vil skje i forkant av Idrettsgallaen på Hamar laurdag 8. januar 2011.
Sølvmyntane har pålydande verdi 200 kroner, og kvar mynt blir gitt ut i eit opplag på høgst 40 000 stk. Myntane vil bli selde enkeltvis og i sett. Utsalspris eksklusive ekspedisjonskostnader og porto er kr 475,- pr. stk. og kr 950,- for settet med begge myntane. Myntane kan ein allereie nå bestille direkte frå Noregs Bank via vår nettbutikk: www.norges-bank.no/myntsalg/. Vi startar utsending av myntane 10. januar 2011. Noko leveringstid må reknast.
Bilete og beskrivingar av minnemyntane i sølv, er lagt ut på bankens nettsider www.norges-bank.no:
Kontakt:
Kommunikasjonsdirektør Siv Meisingseth
Tlf. 22 31 63 50 / 91 63 89 12
Assisterande direktør i avdeling for kontante betalingsmiddel Leif Veggum
Tlf. 22 31 62 93 / 97 14 15 14