Konsern og fellesfunksjonar (KF)

Avdelinga har ansvar for støttefunksjonar i Noregs Bank.

Oppgåvene er blant anna:

  • Juridisk rådgjeving og sakshandsaming
  • Å medverke til styring og oppfølging av budsjett, rekneskap og innkjøp
  • Ansvar for sikkerheit og beredskap
  • Ansvar for servicefunksjonar, inkludert sekretariatsoppgåver og forkontortenester
  • Ansvar for drift av bankens eigedomar
  • Ansvar for HR-strategi og å ta vare på den sentrale arbeidsgjevarrolla
  • Ansvar for den operative kommunikasjonsverksemda, translatørtenester og informasjonsforvalting

Leiar: Direktør Jannecke Ebbesen
Tlf. 22 31 62 26


Einingar i avdelinga er:

Juridisk
Eininga står for juridisk rådgjeving og sakshandsaming på heile verkeområdet til sentralbankversemda, med særleg vekt på sentralbanklovgjeving og betalings- og oppgjerssystem, finansielle instrument og formuesforvalting, setlar og mynt og eigenforvaltinga i banken. Eininga har også ansvar for at regler om offentleg sakshandsaming vert følgde.

Leiar: Helge Syrstad
Tlf. 22 31 61 24 / 22 31 60 31

Økonomistyring og rekneskap
Eininga har ansvar for økonomistyring, rekneskap, innkjøp og administrativ prosesstyring. Den har også ansvar for operativ støtte til staben som er knytt til operasjonell risikostyring og styringssystem.

Fung. leiar: Marit Rønneberg
Tlf. 22 31 64 98

Sikkerheit og beredskap
Hovudoppgåva til eininga er å ta hand om den operasjonelle tryggleiken til sentralbanken. SIB har ansvaret for sikkerheitsstyring i banken, der beredskap i organisasjonen og strukturell sikkerheit står sentralt. Eininga har også det utøvande ansvaret for fysisk sikring, det vil si vakthald knytt til bygg, verdiar og personar. Andre sentrale oppgåver er å leggje premissar for informasjonssikkerheit, og å forvalte personkontrollen av egne tilsette og innleidde.

Leiar: Roger Sundkjer
Tlf. 22 31 66 36

Eigedom og service
Eininga har ansvar for drift av eigedommane og dei tekniske anlegga og for drift av servicesenter.

Leiar: Kristin Fagerhaug
Tlf. forkontor 22 31 68 22

HR
Eininga har ansvaret for den sentrale arbeidsgivarfunksjonen medrekna utforming og innføring av HR-strategi, lønn, lønnsforhandlingar, HMS og beredskap for personell og pårørande. HR har og ansvaret for bedriftshelseteneste, og organisasjons- og leiarutvikling innan sentralbankverksemda. Til HR ligg og ansvaret for drift av banken sine ferie- og konferansestader. Eininga har vidare ansvaret for gjennomføringa av større internasjonale konferansar og arrangement.

Leiar: Jane Aamodt Haugland
Tlf. 22 31 69 02 / 90 98 99 54

Kommunikasjon
Eininga har ansvar for det operative arbeidet knytt til kommunikasjon i Noregs Bank. Oppgåvene omfattar mediehandtering og medierådgiving for Noregs Bank, ansvar for banken sine nettsider, intranett og språktenester, samt arbeid med leiinga sine talar og foredrag.

Kommunikasjonsdirektør: Hilde Singsaas
Tlf. 22 31 69 47 / +47 99 54 19 63

Informasjonsforvalting
Eininga har ansvar for informasjonsforvalting i Norges Bank. Oppgåvene omfattar ansvar for sentralarkiv, fagbibliotek, samlingar og kunstsamling.

Leiar: Thea Birkeland Kloster
Tlf. 22 31 64 67

Bookmark and Share