Å utøve pengepolitikken er ei sentral oppgåve for hovudstyret. Vedtak om renteendringar eller andre viktige omleggingar i verkemiddelbruken blir normalt gjorde i rentemøta til hovudstyret seks gangar i året.
Hovudstyret har sju medlemer, som alle er valde av Kongen i statsråd. Sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen er høvesvis leiar og nestleiar i hovudstyret. Desse er tilsette i heildagsstilling for seks år. Sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen kan attoppnemnas i same stilling for ein periode av ytterlegare seks år.
Dei andre fem medlemene oppnemnas for fire år og slik at det kvart andre år trer skiftevis to og tre medlemer ut av styret. Oppatnemning kan skje for ytterlegare to fire-års periodar. For dei fem eksterne medlemene i hovudstyret oppnemnas to varamedlemer. Av hensyn til kontinuiteten møter normalt varamedlemene og i hovudstyret.
Dei tilsette har to medlemer som er med på å behandle administrative saker. Det skal og veljas varamedlemer for dei tilsettes medlemer i hovudstyret.
Medlemene i hovudstyret:
|
Øystein Olsen (f. 1952) Leiar Tilsett som sentralbanksjef i Noregs Bank frå 1.1.2011 for eit tidsrom av inntil 6 år. Øystein Olsen sin CV
|
 |
|
Jan Fredrik Qvigstad (f. 1949) Nestleiar Tilsett som visesentralbanksjef i Noregs Bank frå 1.4.2008 for eit tidsrom av inntil 6 år. Jan F. Qvigstad sin CV
|
 |
|
Brit K. Rugland (f. 1958) (Oppnemnd første gong 01.01.2004 - 31.12.2005. Oppattnemnd 01.01.2006 - 31.12.2009 og 01.01.2010 - 31.12.2013) Dagleg leiar og eigar i investeringsselskapet Rugland Invest. Har brei røynsle frå næringsliv, oljeindustri, finans og skipsfart.
|
 |
|
Liselott Kilaas (f. 1959) (Oppnemnd første gong 01.01.2004 - 31.12.2007. Oppattnemnd 01.01.2008 - 31.12.2011 og 01.01.2012-31.12.2015) Administrerande direktør i Aleris Norge. Utdanning frå Universitetet i Oslo og International Institute for Management Development (IMD) i Lausanne. Er styremedlem i Telenor og har brei røynsle frå næringslivet innan IKT, oljeindustri og konsulentverksemd.
|
 |
|
Ida Helliesen (f. 1947) (Oppnemnd 01.01.2010 - 31.12.2013) Pensjonist. Har lang røynsle frå Hydro, mellom anna som finansdirektør. Helliesen er siviløkonom, og har vore medlem i offentlege utgreiingsutval som Energilovutvalet og Teleutvalet. Ho har og hatt ei rekkje styreverv, mellom anna i AkerSolutions, Skagerak Energi, Statistisk Sentralbyrå, Storebrand Bank og Finansdepartementets råd for investeringsstrategi for Statens pensjonsfond utland.
|
 |
|
Eirik Wærness (f. 1962) (Oppnemnd 01.01.2010 - 31.12.2013) Sjeføkonom i Statoil. Har mellom anna røynsle frå Finansdepartementet, Total E&P Norge og frå Econ Pöyry. Wærness er samfunnsøkonom med norsk og internasjonal utdanning og forskingsrøynsle.
|

|
Egil Matsen (f. 1968) (Oppnemnd 01.01.2012 - 31.12.2015) Professor ved institutt for samfunnsøkonomi, NTNU, og forsker innen makroøkonomi og finans. Har og røynsle frå Noregs Bank. Matsen er dr. oecon frå Norges Handelshøyskole. |
 |
Varamedlemer:
|
|
Gøril Bjerkan (1. varamedlem) (f. 1967) (Oppnemnd 01.01.2010 - 31.12.2013) Stipendiat ved Institutt for privatrett, juridisk fakultet, Universitetet i Oslo. Røynsle frå Noregs Bank og DnB. Bjerkan er siviløkonom og cand.oecon. frå Norges Handelshøyskole og cand.jur. frå Universitetet i Oslo.
|
 |
|
Espen R. Moen (2. varamedlem) (f. 1964) (Oppnemnd 01.01.2012 - 31.12.2015) Professor og instituttleder ved institutt for samfunnsøkonomi ved Handelshøyskolen BI og professor II ved Universitetet i Oslo. Moen er cand.oekon frå Universitetet i Oslo og har Ph.d. i økonomi frå London School of Economics.
|
 |
Funksjonærrepresentantar:
|
|
Jan Erik Martinsen (f. 1957) (Oppnemnd 01.01.2001 - 31.12.2014) Tilsett i Noregs Bank i 1975. Hovudverneombud i perioden 1.1.1994 - 31.12.2000. Representerer dei tilsette. Var nestleiar i Noregs Banks Funksjonærforbund frå 1.1.2001, og blei leiar frå 1.1.2007.
Petter Nordal er varamedlem for Jan Erik Martinsen.
|
 |
|
Gøril Bjerkhol Havro (f. 1980) (Oppnemnd 01.01.2011 - 31.12.2014) Tilsett i Noregs Bank i 2008.
Berit Moen er varamedlem for Gøril Bjerkhol Havro
|
 |
Hovudstyret har to underutval:
Revisjonsutvalet
Revisjonsutvalet er eit saksførebueande og rådgivande arbeidsutval som skal styrkje og effektivisere arbeidet med forvaltning og oppfølging knytt til finansiell rapportering, risikostyring, internkontroll og internrevisjon. Utvalet består av tre av dei eksterne medlemene av hovudstyret.
Kompensasjonsutvalet
Kompensasjonsutvalet er eit saksførebuande og rådgivande utval for hovudstyret for saker som gjeld lønns- og kompensasjonsordningane i banken. Utvalet består av to av dei eksterne medlemene av hovudstyret.