Noregs Bank Finansiell stabilitet (FST)

Området skal verke til at det finansielle systemet er robust mot forstyrringar i økonomien, slik at det er mogeleg å formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte.

FST følgjer utviklinga, vurderer risiko og identifiserar utsette sider ved det finansielle systemet og førebyggjer ustabilitet mellom anna ved å arbeide for at rammevilkåra verkar til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Området skal også verke til eit sikkert og effektivt betalingssystem ved å tilby oppgjer av betalingar mellom norske bankar og ved å forsyne samfunnet med kontante betalingsmiddel. Området står også for banken sine oppgåver som gjeld hendingar og kriser i det finansielle systemet.

Fung. leiar: Direktør Birger Vikøren

Direktør for FST Stab: Ragnhild L. Solberg

Telefon forkontor: 22 31 60 25 / 22 31 63 34

Betalingssystem

Avdelinga er tillagd konsesjonsmynde og tilsynsansvar for viktige interbanksystem i Noreg, og overvaker systema for oppgjer av verdipapirhandlar og derivat. Viktige tema for analysearbeidet i avdelinga er risikoar i oppgjerssystema og kva dei har å seie for finansiell stabilitet. Arbeidet omfattar også vurderingar av den finansielle infrastrukturen og effektiviteten i betalingssystemet. Avdelinga lagar ein årleig rapport om utviklingstrekk i betalingssystemet.

Leiar:  Direktør Knut Sandal
Telefon forkontor: 22 31 67 00 / 22 31 63 34

Makrotilsyn

Avdelinga skal gjennom makrotilsyn og overvåking av systemrisiko medverke til at det finansielle systemet er robust. Det inneber både ansvar for å kartleggje kor sårbarheiter byggjer seg opp og for å føreslå verkemiddel som gjer systemet betre i stand til å takle forstyrringar. Avdelinga vurderar korleis bankanes kredittrisiko knytta til utlån til husholdningar og føretak påverkar utviklinga i kapitaldekninga til bankane. Avdelinga ser også på korleis avhengigheit mellom bankar og sårbarheit overfor felles risikofaktorar påverkar utsiktene for finansiell stabilitet.

Leiar: Direktør Ingvild Svendsen
Telefon forkontor: 22 31 63 34

Likviditetsovervåking

Avdelinga skal overvåke og analysere utviklinga i nasjonale og internasjonale finansmarknader av betyding for bankane si marknadsbaserte finansiering og deira verdipapirporteføljer. Avdelinga vil føreslå tiltak som kan bidra til finansiell stabilitet ved å gjere bankanes balanser meir robuste. Avdelinga forvaltar regelverket for bankanes sikkerheit for lån i Noregs Bank (SIL).

Leiar: Direktør Sindre Weme
Telefon forkontor: 22 31 63 34

Forskingsavdelinga

Forskingsavdelinga – Finansiell stabilitet forskar på korleis finansmarknadene verkar, åtferda til finansinstitusjonar, problemstillingar knytta til betalings- og oppgjerssystem og samspelet mellom finans- og realøkonomien. Forskinga skal ha ein slik fagleg kvalitet at produkta kan publiserast i internasjonale eller nasjonale tidsskrift med fagfellevurdering. Forskingsavdelinga gjer fagllege råd til Noregs Bank sitt arbeid med å identifisere, førebyggje og handsame finansiell ustabilitet og fremje finansiell stabilitet og robuste og effektive betalings- og oppgjerssystem.

Leiar: Direktør Q. Farooq Akram
Telefon forkontor: 22 31 67 00 / 22 31 63 34

Interbankoppgjer

Avdelinga står for drift og utvikling av Noregs Banks oppgjerssystem (NBO). Ho gjennomfører det operasjonelle arbeidet i samband med verdipapiroppgjera og bankane sine lån og innskot i Noregs Bank. Avdelinga utfører oppgåver for staten med forvalting av Statens konsernkonto og statens innanlandske lån.

Leiar: Direktør Kjetil Heltne
Telefon forkontor: 22 31 60 25

Kontante betalingsmiddel

Avdelinga tek hand om ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova som utferdar av setlar og mynt. Ho syter for at det blir tilført nye setlar og mynt etter kvart som behovet oppstår, og at det som er slite, blir fjerna og øydelagt. Avdelinga har ansvar for nyutgjevingar og forbetringar av setlar og mynt for å sikre at kontantane har eigenskapar som gjer dei til eit effektivt betalingsmiddel. Informasjon om utsjånad og eigenskapar for setlar og mynt, særleg når det skjer endringar, er viktig for at dei skal bli tekne imot med naudsynt tillit, og er derfor ein sentral del av ansvarsfeltet til avdelinga.

Leiar: Direktør Trond Eklund
Telefon forkontor: 22 31 60 25

Regelverksanalyse

Avdelinga skal bidra til rammevilkår og regelverk for finansiell sektor som fremjer finansiell stabilitet og effektiv produksjon av finansielle tenester. Eit viktig element i rammevilkåra er kva for eit system ein har for krisehandtering. Noregs Bank har ei viktig rolle ved likviditetskriser, som långjevar i siste instans (”Lender of Last Resort”). Avdelinga vil gjennom høringsfråsegn og på andre måtar søkje å påverke utforminga av regelverket for finansiell sektor.

Leiar: Direktør Arild J. Lund
Telefon forkontor: 22 31 63 34 

Bookmark and Share