Kommunikasjonsverksemda skal bidra til å realisere Noregs Bank sine mål om å fremje økonomisk stabilitet i landet. Kommunikasjonen skal vere åpen, korrekt og føreseieleg. Kommunikasjonsverksemda skal gje eit mest mogeleg dekkjande bilete av Noregs Bank sitt arbeid med dei tre kjerneoppgåvene, som er:
- Å sikre prisstabilitet gjennom pengepolitikken
- Å sikre finansiell stabilitet
- Å sikre merverd i kapitalforvaltninga
Noregs Bank er med heimel i sentralbanklova pålagt å "informere offentligheten om penge-, kreditt- og valutaforholdene". Dette gjer vi særleg gjennom:
- Årsmelding om Noregs Bank
- Publisering av rentebeslutningar
- Pengepolitiske rapportar
- Rapportar om finansiell stabilitet
- Årsmelding om betalingssystem
- Årsmelding om Statens pensjonsfond utland
Noregs Bank legg vekt på at aktørane får lik informasjon til same tid, og at den finnast både på norsk og engelsk. Internett er vår primære informasjonskanal. Det er sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen som primært uttalar seg på vegner av Noregs Bank. Dette skjer hovudsakleg i samband med pressekonferansar, føredrag og i avisartiklar.
Noregs Bank sin kommunikasjon er retta mot:
- Publikum
- Aktørar i finansmarknadene - nasjonale og internasjonale
- Storting, regjering og offentlege myndigheiter og institusjonar
- Nærings- og arbeidslivets organisasjonar
- Undervisnings- og forskingsmiljø
- Internasjonale organisasjonar og andre sentralbankar
- Massemedia