Organisering

Dei øvste organa i banken er hovudstyret og representantskapet.

Hovudstyret leier den utøvande og rådgjevande verksemda til banken. Sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen er høvesvis leiar og nestleiar i hovudstyret. Sentralbanksjefen står for den daglege leiinga av banken og representerer banken utetter.

Representantskapet fører tilsyn med drifta til banken og med at reglane for verksemda til banken blir følgde, og fastsetjer banken sitt årsrekneskap og budsjettet. Representantskapets tilsynssekretariat utfører sekretariats- og tilsynsoppgåver for representantskapet.

Det er eit klart skilje mellom sentralbankverksemda og kapitalforvaltinga. Sentralbankverksemda er sett saman av kjerneområda Pengepolitikk (PPO) og Finansiell stabilitet (FST). I tillegg finst området Administrasjon (NBA) med stabs- og støttefunksjonar.

Kapitalforvaltinga (NBIM) er den delen av banken som forvaltar Statens pensjonsfond utland og mykje av valutareservane. Dei har ein del eigne støttefunksjonar, men har og støtte frå Administrasjon (NBA) i sentralbankverksemda.

Banken har og ein internrevisjon.

Inndelinga i få, men relativt store einingar, gir eit høveleg kontrollspenn for sentralbankleiinga. Sentralbankverksemda har ved utgangen av 2010 om lag 310 tilsette om ein og reknar med representantskapet sitt tilsynssekretariat. Kapitalforvaltinga har om lag 280 tilsette. Til saman har Noregs Bank 590 fast tilsette.

Organisasjonskart

Organisering av banken (Klikk på biletet for større versjon av organisasjonskartet)

Hovudstyret har delegert mykje av den operative drifta til sentralbanksjefen og til leiar for NBIM for det som gjeld kapitalforvaltinga. Desse har igjen i stor grad delegert drifta vidare til verksemdsområda. Sentralbanksjefen har eigenkompetanse etter paragraf 5, siste ledd, i lova til å leie «bankens administrasjon og gjennomføringen av vedtakene».

Innanfor årlege rammer for årsverk og budsjett har områda stor fridom i personaladministrasjon og disponering av budsjett. Det blir fastsett retningsgivande rammer for talet på årsverk for ein treårsperiode.

Linjestyring er hovudprinsippet for styring i Noregs Bank. Dette gir ein oversiktleg organisasjon med klare ansvarslinjer. Områda utarbeider årleg handlingsplanar for aktivitetar, med tilhøyrande resultatmål som blir godkjende av sentralbanksjefen eller leiar for NBIM for den delen av verksemda. Gjennom året følgjer dei to leiarane opp resultata til den enkelte områdedirektør med ein medarbeidar-/ lønssamtale om våren og ein oppfølgingssamtale om hausten. Gjennom året er det oppfølgingssamtalar om lag kvar tredje til fjerde veke.

Alle leiarar har klart definert ansvar i samsvar med organisering av verksemda og prinsippet for linjestyring. Leiarane vert kvart år vurderte av sine over- og underordna. Vurderingskriteria er retning, handlekraft, veremåte og fagleg kvalitet.

Bookmark and Share