Mandat og oppgåver

Noregs Bank har som mål å fremje økonomisk stabilitet i landet. Banken har utøvande og rådgjevande oppgåver i pengepolitikken og skal bidra til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Noregs Bank forvaltar landet sine valutareservar og Statens pensjonsfond utland.

Mandat

Sentralbanklova av 1985 regulerer verksemda til banken. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgjevande organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal utferde pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Lova gjev banken høve til å setje i verk tiltak som er vanlege eller naturlege for ein sentralbank.

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova.

Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland er regulert gjennom lov og retningsliner med utfyllande reglar.

Kjerneoppgåvene

Klart definerte kjerneoppgåver er utgangspunktet for organiseringa av Noregs Bank.

Noregs Bank skal:

  • Fremje prisstabilitet gjennom pengepolitikken.
  • Fremje finansiell stabilitet og verke til robuste og effektive finansielle infrastrukturar og betalingssystem.
  • Drive ei effektiv og tillitvekkjande porteføljestyring av Statens pensjonsfond utland og bankens eigne valutareservar.

Verdigrunnlag

Noregs Bank skal vere veldriven og arbeide målmedvite i størst mogleg samsvar med beste internasjonale praksis.

Banken skal vise vilje og evne til endring og ha tillit i omverda.

Noregs Bank skal vere nøktern i ressursbruken.

Noregs Bank skal framstå som ei slank og effektiv kompetanseverksemd med sterk konsentrasjon om kjerneoppgåvene.
 

Bookmark and Share