Verdsbanken

184 land er medlemmer i Verdsbanken (The World Bank Group), som er ein paraplyorganisasjon for fem individuelle institusjonar. Medlemmene i Verdsbanken eig og styrer alle desse institusjonane gjennom representasjonsorgan.

Verdsbanken - logo

Verdsbankgruppa yter utviklingsbistand i form av lån til prosjekt, rådgiving og koordinering av nasjonale aktørar, styrt gjennom lokale kontor over heile verda. Utlånsmidlane er baserte på innskot frå medlemslanda. Bistanden tek sikte på å gi landa auka utsikter til økonomisk vekst som tek omsyn til sosiale forhold og miljø. Banken har hovudkvarter i Washington D.C. i USA.

Saman med dei andre nordiske landa og dei baltiske landa utgjer Noreg ei valgruppe i Verdsbanken. Utanriksdepartementet står for den norske representasjonen og tek hand om dei pliktene som følgjer med.

Bookmark and Share