Det grunnleggjande formålet med arbeidet er å fremje berekraftig økonomisk vekst og høg sysselsetjing i medlemslanda. I tillegg til å dekkje dei fleste område innanfor økonomien omfattar samarbeidet i OECD spørsmål av felles interesse innanfor mellom anna miljø, helse, offentleg styring, utdanning og forsking. Statistikkproduksjon og utgreiingar er ein annan viktig del av verksemda i OECD. Utgreiingane set ofte søkjelyset på nye økonomiske og sosiale trendar med det mål å gi medlemslanda eit betre grunnlag for politikkutforminga. Sjølv om aktivitetane først og fremst dreier seg om forholda i og mellom medlemslanda, er økonomisk vekst i land utanfor OECD òg eit interesseområde. OECD arbeider dessutan med spørsmål knytte til utviklingsøkonomi.
Sekretariatet for FATF – Financial Action Task Force – held til i OECD, men er ikkje ein del av organisasjonen. FATF arbeider mot korrupsjon, kvitvasking av pengar og finansiering av terrorisme. Noreg er medlem av FATF.