ESB og ESSB

Det europeiske systemet av sentralbankar (ESSB) består av Den europeiske sentralbanken (ESB) og dei nasjonale sentralbankane i dei 25 EU-landa. ESSB og ESB blei etablerte i 1998. ESB og dei 16 nasjonale sentralbankane i euroområdet blir kalla Eurosystemet.

ECB

Euro er felles valuta for landa som deltek i den monetære unionen i EU. Pengepolitikken i euroområdet blir gjennomført av Eurosystemet. Euro blei innført 1. januar 1999, men var dei tre første åra berre ein elektronisk valuta. Setlar og mynt i euro blei sette i omløp 1. januar 2002.

Det overordna målet for ESSB er å sikre prisstabilitet. Dei fire grunnleggjande oppgåvene til ESSB er

  • å formulere og gjennomføre pengepolitikken i euroområdet
  • å gjennomføre transaksjonar i utanlandsk valuta
  • å sitje inne med og forvalte dei offisielle valutareservane til medlemsstatane
  • å fremje velfungerande betalingssystem


I tillegg har ESB ein rådgivande funksjon overfor finansmarknadene. ESB har òg, med støtte frå dei nasjonale sentralbankane, ansvar for å samle inn statistisk informasjon til bruk for ESSB og informere om den økonomiske utviklinga gjennom jamlege rapportar.

Les meir om ESB og euro:

Bookmark and Share