Noregs Bank har 200-årsjubileum i 2016. Derfor er det sett i gang eit omfattande forskingsprosjekt som tek sikte på å gi ut fleire bøker før den tid. Det er oppretta ei styringsgruppe for prosjektet.
Prosjektet skal gjennomførast i to fasar (2008–2010 og 2011–2015). I den første fasen skal ein etablere kontakt med aktuelle forskingsmiljø og initiere forskingsprosjekt som vil vere til nytte når bøkene skal skrivast. Målet er at det ved inngangen til jubileumsåret skal liggje føre tre bøker som dekkjer ulike aspekt ved Noregs Banks virke gjennom 200 år. Prosjektet vil dessutan bidra til å setje fokus på samfunnsrolla til Noregs Bank i eit historisk perspektiv. Dette blir truleg arbeidstitlane for dei tre bøkene:
- The History of Norges Bank / Noregs Banks historie 1816-2016
- The Monetary History of Norway / Norsk pengehistorie 1816-2016
- Topics in Central Banking
Vi tek sikte på at bøkene skal halde eit kvalitetsnivå som tilfredsstiller krava frå eit internasjonalt respektert akademisk forlag. Dei to første bøkene skal publiserast både på norsk og engelsk. Den tredje boka blir berre publisert på engelsk og tanken er at eit slikt prosjekt vil bidra til å heve kvaliteten på dei to første bøkene gjennom utstrekt interaksjon med det internasjonale akademiske miljøet.
Som ein del av prosjektet sponsar Noregs Bank fleire internasjonale konferansar som har fokus på emner av interesse for bokprosjekta. Noregs Bank samarbeider med fleire internasjonale ekspertar innan sentralbankhistorie og pengehistorie, og med institusjonar som the Graduate Institute i Geneve og CEPR i London. Noregs Banks 200-årsjubileumsprosjekt har også sponsa the Tenth Summer School in Finance, Institutions and History på University Ca' Foscari i Venezia.
