Foredrag for skuleklassar

Noregs Bank tek imot klassar frå vidaregåande skule til foredrag om oppgåvene til banken.

Vi tek imot elevar med interesse for samfunnsøkonomi til foredrag i Noregs Bank. For denne gruppa arrangerer vi to seminar i året. Visesentralbanksjef Jan F. Qvigstad held eit foredrag om kjerneoppgåvene til Noregs Bank med vekt på aktuelle utviklingstrekk i norsk og internasjonal økonomi. I tillegg vil nokre tilsette fortelje om korleis dei opplever Noregs Bank som arbeidsplass. Seminaret varer om lag to timar.

Elevane som deltek på seminara, må gå tredje året på vidaregåande og ha samfunnsøkonomi i fagkretsen. Læraren er ansvarleg for elevane og må vere til stades under seminaret.

Videopresentasjonar frå seminaret 22. januar 2013

Mange ønskjer å komme på besøk til Noregs Bank og få omvising eller foredrag. Av tryggleiksomsyn kan vi ikkje ta med store grupper rundt i bygningen, og vi tilbyr derfor ingen omvisingar. For å få eit inntrykk av bygningen kan du ta ein virtuell rundtur i banken.

Bookmark and Share

PÅMELDING

E-post til:

Kvart seminar har plass til 170 elevar, og vi tek imot påmeldingar til det er fullt.


NESTE SEMINAR

28. oktober 2013