Kapitalforvalting

Vi skal sikre verdiar for framtidige generasjonar

Statens pensjonsfond utland (SPU)

Norges Bank Investment Management forvaltar Statens pensjonsfond utland.

Investeringsstrategien til Statens pensjonsfond utland blir fastsett av Finansdepartementet, som baserer vala på råd frå mellom andre Norges Bank Investment Management. SPU skal vere ein buffer mot svingande inntekter frå petroleumssektoren. Fondet bidreg til å skjerme finanspolitikken og pengepolitikken frå til dels store variasjonar i oljeprisen og produksjonsvolumet.

Valutareservane

Valutareservane skal kunne brukast til transaksjonar i valutamarknaden som ledd i å gjennomføre pengepolitikken eller ut frå omsyn til den finansielle stabiliteten. I tillegg skal valutareservane brukast til å oppfylle dei internasjonale pliktene Noreg har.

Reservane er delte inn i ein pengemarknadsportefølje og ein langsiktig portefølje. I tillegg inngår det ein petrobufferportefølje som skal samle opp dei regelmessige valutakjøpa til Statens pensjonsfond utland.