Spørsmål og svar

FAQ - Om Noregs Bank

  1. Kva er Noregs Bank, og kva gjer de?
    Noregs Bank er landets sentralbank og blir gjerne omtalt som ”banken for bankane”. Noregs Bank skal arbeide innanfor dei retningslinjene som er fastlagde av dei politiske styresmaktene, og skal medverke til å fremje tilliten til norsk økonomi og det finansielle systemet.

    Dette vil vi oppnå ved
    - å medverke til ei balansert økonomisk utvikling og at inflasjonsmålet blir nådd
    -  å medverke til stabile og effektive finansmarknader og betalingssystem
    -  å innfri dei behova samfunnet har for pengesetlar og mynt
    - å sørgje for effektiv og sikker forvaltning av finansformuen til staten

    Les meir om oppgåvene til Noregs Bank i årsmelding og rekneskap.
  2. Når blei Noregs Bank oppretta?
    Noregs Bank blei oppretta 14. juni 1816. Les meir om historia til banken og om pengehistorie.

  3. Kven eig Noregs Bank?
    Noregs Bank er eit eige rettssubjekt og er eigd av staten. I sentralbanklova heiter det: ”Banken skal utøve sin virksomhet i samsvar med de økonomisk-politiske retningslinjer som er fastlagt av statsmyndighetene, og med de internasjonale forpliktelser landet er bundet av.”

  4. Kven sit i hovudstyret og representantskapet?
    Oversikt over representantane ligg på Internett-sidene våre:
    Hovudstyret
    Representantskapet

  5. Kva er forskjellen på hovudstyre og representantskap?
    Hovudstyret leier den utøvande og rådgivande verksemda og tek pengepolitiske avgjerder. Det har sju medlemer, alle oppnemnde av Kongen i statsråd. Sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen er høvesvis leiar og nestleiar i hovudstyret. Dei blir tilsette i heildagsstilling for seks år. Dei andre medlemene blir oppnemnde for fire år. Dei tilsette har to medlemer som supplerer hovudstyret når administrative saker skal behandlast.

    Representantskapet fører tilsyn med drifta av banken og med at reglane for verksemda blir følgde. Dei fastset årsrekneskapen og vedtek budsjett etter forslag frå hovudstyret. Representantskapet har femten medlemer som Stortinget vel for fire år.

  6. Held Noregs Bank omvisingar?
    Nei, vi gir ikkje omvisingar for publikum. For å få eit gløtt inn i banken vil vi anbefale ”Rundtur i Noregs Bank”, der bygningen og utvalde kunstverk er presenterte.

  7. Kan vi få sentralbanksjefen eller nokon annan i Noregs Bank til å halde eit innlegg på ein konferanse vi skal ha?
    Både sentralbanksjefen, visesentralbanksjefen og andre i Noregs Bank held ein del føredrag i løpet av året. Kommunikasjonsdirektøren samordnar føredragsverksemda for leiinga og formidlar førespurnader til aktuell avdeling.

Bookmark and Share