Norges Bank

Setlar 1945–1955 (utgåve III)

Denne utgåva blir gjerne kalla ombytingssetlane, og dei blei sette i sirkulasjon frå 9. september 1945.

Arbeidet med utforminga tok til i 1944 og måtte skje i hemmelegheit. Setlane var meinte å vere ei kriseutgåve som kunne produserast raskt, og tanken var at dei skulle bytast ut med setlar av høgare kunstnarisk og setelteknisk kvalitet så snart som mogleg. Serien har ingen 500-kronesetel.

5-kronesetel

Utgitt 1945–1955, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 109 000 000. Format: 127 x 72 mm.

5-kroneseddel, forside

Framside: Til venstre vignett med krona riksvåpen.

5-kroneseddel, bakside

Bakside: I midten vignett med valøren, NORGES BANK på kvar side.

10-kronesetel

Utgitt 1945–1954, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 228 700 000. Format: 127 x 72 mm.

10-kroneseddel, forside

Framside: Til venstre vignett med krona riksvåpen.

10-kroneseddel, bakside

Bakside: Vignett med valøren.

50-kronesetel

Utgitt 1945–1951, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 17 720 000. Format: 144 x 127 mm.

50-kroneseddel, forside

Framside: Til venstre vignett med krona riksvåpen.

50-kroneseddel, bakside

Bakside: I midten vignett med NORGES BANK.

100-kronesetel

Utgitt 1945–1950, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 21 050 000. Format: 144 x 127 mm.

100-kroneseddel, forside

Framside: Til venstre vignett med krona riksvåpen.

100-kroneseddel, bakside

Bakside: I midten vignett med valøren, NORGES BANK på kvar side.

1000-kronesetel

Utgitt 1945–1949, ugyldig frå 13.07.1999. Antal: 504 000. Format: 216 x 127 mm.

1000-kroneseddel, forside

Framside: Stortingspresident W.F.K. Christie til venstre, admiral Tordenskiold til høgre (som utgåve II, men GULD er overtrykt).

1000-kroneseddel, bakside

Bakside: Nidarosdomen i midten, stilisert vikingkonge til venstre og til høgre krona riksvåpen omgitt av våpena til stiftsstadene (sjå under 1000-kronesetelen utg. I).

Publisert 26. januar 2006 14:54
Publisert 26. januar 2006 14:54