Utforming og tekniske data - 50-øremynten

Pregeår: 1996-2011

Diameter: 18,5 mm
Tjukkleik: 1,7 mm
Vekt: 3,6 g
Legering: 97% Cu, 2,5% Zn, 0,5% Sn
Rand: Glatt

Formgivar: Grazyna Jolanta Lindau

Preg:

Advers (framsida):

Kongekrona. Under motivet: Den Kongelige Mynts (no Det Norske Myntverket) merke (hammar og bergsjern krosslagde) og merket/initialane til myntdirektøren.

Frå og med pregeår 2007 er initialane til myntdirektøren tekne bort. Merket til myntverket er frå og med same tidspunktet plassert midt under Kongekrona.

Revers (baksida):

Fabeldyr frå portalen på Urnes stavkyrkje. Til høgre for motivet valørnemninga 50 ØRE, NOREG og pregeåret i omskrift. Mellom motivet og omskriften signaturen til formgivar Grazyna Jolanta Lindaus (GJL).