5-kronemynten - Utforming og tekniske data

Diameter: 26,0 mm
Sentralt hòl: 4,4 mm
Tjukkleik: 2,0 mm
Vekt: 7,85 g
Legering: 75% Cu, 25% Ni
Rand: Rifla

Formgivar: Ingrid Austlid Rise

Preg:

Advers (framsida): St.Olavs ordenens storkrosskjede med ordensteikn. Øvst omskrifta: KONGERIKET NOREG. På kvar side av ordensteiknet: Den Kongelige Mynts (no Det Norske Myntverket) merke (hammar og bergsjern krosslagde) og merket / initialane til myntdirektøren.

Frå og med pregeår 2007 er initialane til myntdirektøren tekne bort. Merket til myntverket er frå og med same tidspunktet plassert mellom ”KONGERIKET” og ”NOREG”.

Revers (baksida): Ornamentikk inspirert av blada på akantusplanta i stilen til den norske treskjæraren Ole Moene (1839-1908), med smale band som snor seg mellom blada. Over motivet: valørnemninga 5. Under motivet: pregeåret som innskrift og KRONER som omskrift. Til høgre i ornamentikken signaturen til formgivar Ingrid Austlid Rise (IAR).

Publisert 4. mai 2017 21:00