Ein europeisk marknad for betaling

Gunnvald Grønvik

Ein sams EØS-marknad krev effektive og sikre pengeoppgjer. Da må lovverket om rettar og plikter for aktørane samordnast. Det vert gjort med betalingstenestedirektivet som vart vedteke i EU i 2007, og som no snart er gjennomført også i Noreg. Direktivet gjer at den europeiske banknæringas initiativ for harmonisering og effektivisering av eurobetalingar (SEPA) kan verte fullt ut gjennomført. Norske betalarar vil sjå at betalingar over landegrensene (særleg eurobetalingar) vil gå fortare. I Noreg går nasjonale betalingar alt no raskare enn etter kravet i direktivet.

Les artikkelen (pdf, 272 kB)

Publisert 14. mai 2010 11:00