Norges Bank

Pressemelding

Robust og effektiv finansiell infrastruktur

– Den finansielle infrastrukturen i Noreg er robust og effektiv. Likevel er det behov for visse forbetringar, seier visesentralbanksjef Jon Nicolaisen.

Skulle betalings- og oppgjerssystema svikte, ville store delar av økonomien stanse opp. Det blir derfor stilt strenge krav til eigarane om å avgrense risikoen. Noregs Bank har evaluert dei norske systema etter internasjonale prinsipp. Evalueringa viser at dei fleste prinsippa er oppfylte.

Ei utfordring i den finansielle infrastrukturen ligg i at eigarane i stor grad har utkontraktert den tekniske drifta. Sjølv om dei som driftar systema, møter strenge krav til risikostyring, må eigarane ikkje misse av syne sitt ansvar for verksemda.

Samfunnet kan etter Noregs Bank sine berekningar spare opp mot 25 milliardar kroner årleg ved å byte frå papirbasert til elektronisk utsending og mottak av faktura. Det utgjer meir enn ei halvering av kostnadene.

– Krav frå offentleg sektor om å få elektronisk faktura frå leverandørane sine vil truleg medverke til at det blir meir vanleg med elektronisk fakturering også mellom andre aktørar, seier Nicolaisen.

Finansiell infrastruktur 2014

Utviklingstrekk i kunderetta betalingsformidling - 2013 (Norges Bank Memo 1/2014)

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 21. mai 2014 12:00