Långivar i siste instans

Ein sentralbank kan skape likviditet, det vil seie pengar. Han vil dermed kunne spele ei nøkkelrolle ved finansielle kriser og må ha ein beredskap i tilfelle slike situasjonar skulle oppstå.

Noregs Bank kan tilføre ekstra likviditet til banksystemet eller til enkeltbankar ved likviditetsproblem. Ekstra tilførsel av likviditet til banksystemet kan vere formålstenleg når det er openbert at likviditetsproblema er av kortvarig karakter og ikkje kjem av meir fundamentale problem. Dersom likviditetsbehovet er stort kan  Noregs Bank måtte sikra låna på ein annan måte enn det som følgjer av forskrift om bankers adgang til lån og innskudd i Norges Bank mv. (”låneforskrifta”) for D- og F-lån, jf. § 9.

Ekstraordinær likviditetstilførsel til enkeltbankar kan vere aktuelt dersom likviditetsproblema er avgrensa til éin eller nokre få bankar med meir fundamentale problem. Noregs Bank kan då yte lån på særlege vilkår (S-lån) for å betre likviditeten. Grunnlaget for slike lån er gitt i sentralbanklova § 19.

Høvet til å yte ekstraordinær likviditet gjer at Noregs Bank kan bidra til å hindre problem i å spreie seg og dermed hindre ei større krise. Men høvet til å få slik likviditetsstøtte kan òg påverke åtferda i bankane. Dersom bankane trur at dei alltid vil kunne få låne i sentralbanken, kan dei ta større risiko enn dei elles ville gjort. Noregs Bank legg derfor til grunn at ekstraordinær tilførsel av likviditet bør øyremerkjast situasjonar der den finansielle stabiliteten kan vere trua utan slik støtte.

Eit anna viktig prinsipp for ekstraordinær likviditetstilførsel er at Noregs Bank ikkje skal ta unormal kredittrisiko. Sentralbanken skal vere långivar i siste instans. Det blei òg slått fast av Stortinget etter bankkrisa på 90-talet. Långivinga til Noregs Bank bør i slike situasjonar derfor ytast mot full trygdgiving eller garantiar.

Under den siste finanskrisa gav Noregs Bank S-lån til Bankenes sikringsfond i samband med eit kortsiktig lån som sikringsfondet gav Glitnir Bank ASA.

Publisert 24. september 2010 08:34
Endret 8. november 2016 10:40