Det internasjonale valutafondet (IMF)

Etter paragraf 25 i sentralbanklova skal Noregs Bank forvalte dei finansielle rettane til landet og oppfylle dei tilsvarande pliktene som følgjer av deltakinga i Det internasjonale valutafondet (IMF). Noregs Bank er òg sekretariat for IMF-arbeidet i Noreg. Det er ei oppgåve som sentralbanken utfører på vegner av Finansdepartementet.

Banken utarbeider i samråd med Finansdepartementet og eventuelt andre norske myndigheitsorgan norske standpunkt i samband med saker som skal avgjerast i IMF-styret. Dei norske standpunkta blir så drøfta med dei andre landa i valkretsen med sikte på å nå fram til eit fastsett syn. Dei nordiske og baltiske landa utgjer ein valkrets i IMF og har ein felles representant i IMF-styret.

Det internasjonale valutafondet er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. Organisasjonen har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale monetære systemet og er eit forum for samarbeid om penge- og valutapolitiske spørsmål. IMF har 189 medlemsland.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovudaktivitetar: overvaking av økonomien i medlemslanda, lån i krisesituasjonar og teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i initiativet for å lette gjeldsbyrda for fattige land. Ei eiga subsidiert låneordning for fattige land, PRGF, er etablert.

Ein fyldigare omtale av aktivitetane til IMF finn du her:

IMF om norsk økonomi

IMF går kvart år gjennom utviklinga i norsk økonomi og norsk økonomisk politikk. På heimesidene til IMF finn du dokument som fondet har utarbeidd om Noreg. På Finansdepartementet sine sider finn du dokument som norske myndigheiter har utarbeidd i samband med dei årlege konsultasjonane.

Publisert 3. mai 2003 10:51
Endret 6. januar 2017 12:13