IMF

IMF – International Monetary Fund, eller Det internasjonale valutafondet – blei etablert i 1945. Noreg har vore medlem sidan etableringa. Fondet har i dag 189 medlemsland. IMF har hovudkvarter i Washington D.C. i USA.

IMF er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet og har som mål å fremje ei berekraftig økonomisk utvikling og internasjonal finansiell stabilitet. Fondet konsentrerer verksemda si om tre hovudaktivitetar: overvaking av økonomien i medlemslanda, lån i krisesituasjonar og teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i initiativet for å lette gjeldsbøra for fattige land, og fondet har etablert ei eiga subsidiert låneordning for fattige land.

Dei nordiske og baltiske landa har ein felles representant i IMF-styret.

Etter paragraf 25 i sentralbanklova skal Noregs Bank forvalte dei finansielle rettane til landet og oppfylle dei tilsvarande pliktene som følgjer av deltakinga i IMF. Noregs Bank er òg sekretariat for IMF-arbeidet i Noreg. Dette er ei oppgåve sentralbanken utfører på vegner av Finansdepartementet. Banken utarbeider i samråd med Finansdepartementet og Utanriksdepartementet norske standpunkt i saker som skal opp til avgjerd i styret i IMF.

Les meir om IMF:

Publisert 29. august 2007 09:29
Endret 6. januar 2017 12:12