Økonomisk samarbeid i EU

Med innføringa av euro gjekk eurolanda over til å føre ein felles pengepolitikk. Finanspolitikken er ikkje felles, men traktaten fastset visse grenser for kor stort underskot og kor stor gjeld det offentlege kan ha. Desse føresegnene gjeld òg for dei EU-landa som ikkje er med i eurosamarbeidet.

EU-landa fastset overordna retningslinjer for den økonomiske politikken.

Samarbeidet om den økonomiske politikken er det regjeringane til EU-landa, og i første rekkje rådet av økonomi- og finansministrar (Ecofin), som tek seg av. Økonomi- og finansministrane i eurolanda har etablert ei eiga gruppering – Eurogruppa – som møtest uformelt før dei eigentlege Ecofin-møta.

Stabilitets- og vekstpakta

For å styrkje målet om prisstabilitet og sjansane til økonomisk vekst innanfor euroområdet inneheld traktaten retningslinjer som skal sikre finanspolitisk disiplin blant medlemslanda. Artikkel 104 avgrensar det lovlege offentlege underskotet til medlemsstatane, jf. konvergenskrava. Artikkelen dannar òg grunnlaget for utforminga av stabilitets- og vekstpakta, som blei vedteken i ein resolusjon frå Det europeiske rådet 17. juni 1997. Pakta pålegg medlemslanda å sikte mot budsjettbalanse eller  overskot på mellomlang sikt. Dessutan omtaler ho behovet for betre koordinering av budsjettprosedyren og den økonomiske politikken i EU-landa.

Konvergens- og stabilitetsprogram

I samsvar med pakta er eurolanda pålagde å leggje fram fleirårige stabilitetsprogram, mens dei andre EU-landa må utarbeide fleirårige konvergensprogram. Både konvergens- og stabilitetsprogramma tek for seg mål og tiltak for utviklinga av dei offentlege finansane. Dersom eit land avvik frå måla som er fastsette i programmet, får det ei åtvaring med oppmoding om å setje i verk tiltak for å forbetre situasjonen.

Stabilitets- og konvergensprogramma til medlemslanda ligg på nettsidene til EU. I tillegg blir det lagt ut rapportar om økonomisk konvergens på heimesida til ESB.

Underskotsprosedyren

Kvart år blir budsjettsituasjonen til det enkelte medlemslandet vurdert etter artikkel 104 i traktaten. Traktaten gir inga eintydig vurdering av kor stor fleksibilitet som er akseptabel med omsyn til budsjettunderskotet, men dersom EU-kommisjonen meiner at eit land har urimeleg stor gjeld eller for stort underskot, blir underskotsprosedyren utløyst. Det medfører at Ecofin kan oppmode landet om å redusere underskotet innan ein gitt frist. For landa i eurosona er det òg ei føresegn om at Rådet kan gi landet ei bot dersom underskotet varer ved.

På nettsidene til EU er det ei omfattande samling av dokument som mellom anna omhandlar stabilitets- og vekstpakta.

"No bail out"-klausulen

Dersom eit land opererer med store budsjettunderskot, kan det føre til auka press oppover på rentenivået. Innanfor ein monetær union kan det påverke rentenivået til alle landa og dermed føre til ei tyngre gjeldsbyrde for alle landa. For å førebyggje dette blei ”no bail out”-klausulen introdusert i artikkel 103 i traktaten. Klausulen inneber at verken fellesskapet eller ein enkelt medlemsstat kan ta på seg økonomiske plikter (til dømes lån) for ein annan medlemsstat. Klausulen legg til grunn ein effektiv kapitalmarknad der kredittrisikoen til eit land blir reflektert i rentenivået som er knytt til gjeldsbyrda. Tankegangen er at sidan land med høg kredittrisiko då møter eit høgare rentenivå, avgrensar desse landa låneopptaka og unngår dei negative ringverknadene som høge lån kunne ha hatt på resten av unionen.

Publisert 3. mai 2003 10:48
Endret 9. mars 2011 19:01