Felles pengepolitikk

Traktaten overlèt til ESB å fastsetje den presise utforminga av målet om prisstabilitet. ESB har definert prisstabilitet som ei stigning på under, men nær 2 prosent i den harmoniserte konsumprisindeksen (HICP) for heile euroområdet på mellomlang sikt.

Med dette som utgangspunkt er den pengepolitiske strategien til ESB basert på to hovudelement:

  1. Økonomisk analyse, der ein vurderer utviklinga i ei rekkje økonomiske indikatorar som produksjon, finanspolitikk, etterspørsel, utviklinga i arbeidsmarknaden og lønningar, valutakursar og forventings- og tillitsindikatorar
  2. Monetær analyse, som fokuserer på ei meir langsiktig utvikling ved analyse av utviklinga i ulike monetære aggregat

Instrument

For å utføre den pengepolitiske strategien har ESB ei rekkje pengepolitiske instrument. Det viktigaste er marknadsoperasjonar (gjenkjøpsavtalar/”repoar”) med bankane i euroområdet. Renta på marknadsoperasjonane, reporenta, påverkar dei kortsiktige pengemarknadsrentene. Med auksjonar kvar veke kan bankane i euroområdet få likviditet frå ESB mot mellombels å selje verdipapir til eurosystemet eller låne frå eurosystemet mot garanti. I tillegg kan finjusteringsoperasjonar, som valutaswappar og kjøp og sal av verdipapir, nyttast for å justere likviditet og rente.

Eurosystemet har vidare ei innskots- og låneordning med eindagsinnskot og  lån som bidreg til å jamne ut den kortsiktige likviditeten. Renta på desse ordningane etablerer ein korridor for kortsiktige pengemarknadsrenter ved at lånerenta er golvet og innskotsrenta taket for dei kortsiktige pengemarknadsrentene. Reporenta til ESB vil liggje i denne korridoren.

ESB har òg ei ordning med reservekrav, som har som hovudmål å stabilisere den kortsiktige pengemarknadsrenta. Alle kredittinstitusjonar i euroområdet er pålagde å deponere eit visst beløp (ein minstereserve) på ein konto i eurosystemet.

Meir detaljert informasjon om pengepolitiske instrument finn du i ESB-publikasjonen "The Implementation of Monetary Policy in the Euro Area". Dessutan gir ESB kvart år ut ein rapport, "Annual Report", som tek for seg den økonomiske utviklinga og både økonomiske verkemiddel og institusjonelle aspekt ved ESB-organisasjonen.

Publisert 3. mai 2003 10:49
Endret 9. mars 2011 18:50