Eurosamarbeidet

Euro er den felles valutaen for landa som deltek i EUs monetære union. Landa har felles pengepolitikk og felles sentralbank. Pengepolitikken i euroområdet blir gjennomført av eurosystemet, som består av Den europeiske sentralbanken (ESB) og dei nasjonale sentralbankane i euroområdet. Målet med pengepolitikken er prisstabilitet. Det er 16 EU-land som har innført euro som valuta.

Elleve av EU-landa har vore med i euroområdet sidan etableringa 1. januar 1999: Belgia, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Luxembourg, Nederland, Portugal, Spania, Tyskland og Austerrike. Hellas blei medlem 1. januar 2001. Slovenia blei medlem 1. januar 2007, og Kypros og Malta 1. januar 2008. Slovakia innførte euro 1. januar 2009.

Føresegnene om den monetære unionen blei nedfelte i traktaten om Den europeiske union (EU-traktaten eller Maastricht-traktaten) frå 1992. Desse føresegnene blei innarbeidde i traktaten om opprettinga av Det europeiske fellesskap (EF-traktaten eller Roma-traktaten) frå 1957. Amsterdam-traktaten, som blei underteikna i oktober 1997 og tredde i kraft 1. mai 1999, inneheld endringar i desse traktatane. Artikkeltilvisingane er til den konsoliderte versjon av EF-traktaten, der endringar i Maastricht- og Amsterdam-traktaten er innarbeidde.

Kva krevst for å delta i eurosamarbeidet?

For å bli med i den monetære unionen må eit land oppfylle fire ”konvergenskriterium”. Dei står i artikkel 121 i traktaten og er spesifiserte i eigne protokollar. Kriteria stiller krav til likearta økonomisk utvikling i deltakarlanda med omsyn til låg inflasjon, solide offentlege finansar og stabile valutakursar:

  1. Prisstabilitet
    Inflasjonen må ikkje overstige den gjennomsnittlege inflasjonen i dei tre EU-landa med lågast inflasjon med meir enn 1,5 prosentpoeng, målt ved gjennomsnittleg vekst i konsumprisindeksen (HICP – Harmonised Index of Consumer Prices) dei siste tolv månadene.
  2. Offentlege finansar
    • Budsjettunderskotet i offentleg forvalting må ikkje overskride 3 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP), med mindre det har minka vesentleg og vedvarande og nærmar seg 3 prosent-grensa eller overskridinga er ekstraordinær og mellombels.
    • Bruttogjelda i offentleg forvalting må ikkje overskride 60 prosent av BNP, med mindre ho minkar raskt og nærmar seg grensa på 60 prosent.
  3. Valutakursstabilitet
    Medlemsstaten må ha overhalde svingingsmarginane i EUs valutakursmekanisme, ERM2, i minst to år utan på eige initiativ å ha devaluert valutaen sin.
  4. Langsiktig rente
    Renta på langsiktige statsobligasjonar skal ikkje vere meir enn 2 prosentpoeng høgare enn i dei tre landa med lågast inflasjon, målt som gjennomsnittet dei siste tolv månadene.

Etter traktaten har alle medlemsland som oppfyller desse krava, plikt til å delta i den monetære unionen og innføre euro til erstatning for den nasjonale valutaen. Danmark og Storbritannia har forhandla seg til retten til å stå utanfor og har valt å ikkje delta i eurosamarbeidet. Sverige oppfyller enno ikkje alle krava.

I henhold til Traktaten har alle medlemsland som oppfyller disse kravene plikt til å delta i den monetære unionen og innføre euro til erstatning for sin nasjonale valuta. Danmark og Storbritannia har fremforhandlet retten til å stå utenfor, og har valgt ikke å delta i eurosamarbeidet. Sverige oppfyller ennå ikke alle kravene.

Valutakurssamarbeidet ERM2

EUs valutakurssamarbeid, Exchange Rate Mechanism (ERM), blei etablert i 1979. Formålet var å skape stabile valutakursar mellom EU-landa. To års deltaking i ERM var eit av krava for å kunne vere med i eurosamarbeidet. ERM blei avløyst av ERM2 samtidig som euroen blei innført. ERM2 har som formål å halde oppe valutakursstabilitet mot euro for land som står utanfor eurosamarbeidet. For kvar deltakarlandvaluta blir det fastsett ein sentralkurs i forhold til euroen. Svingingsmarginane er relativt vide (±15 %), men smalare svingingsmarginar kan avtalast for den enkelte deltakarvalutaen. Til dømes har danske kroner ein svingingsmargin på ±2,25 % mot euro. Både ESB og sentralbankane til deltakarlanda er forplikta til å forsvare svingingsmarginane gjennom intervensjonar i valutamarknaden.

To års tilknyting til ERM2 er ein av føresetnadene for å delta i den monetære unionen. Opphavleg deltok Danmark og Hellas i ERM2 då systemet blei etablert i januar 1999. Hellas gjekk ut 1. januar 2001 då landet innførte euro. Storbritannia og Sverige har valt å stå utanfor. Nye medlemsland i EU kan ikkje reservere seg mot å delta i eurosamarbeidet. Det blir derfor venta at dei landa som blei medlem av EU 1. mai 2004, etter kvart vil delta i ERM2 som eit ledd i prosessen mot full deltaking i eurosamarbeidet. Estland, Litauen og Slovenia blei medlemmer i juni 2004. Latvia, Kypros og Malta blei medlemmer av ERM2 29. april 2005 og Slovakia 28. november 2005. Slovenia gjekk ut av ERM2 då landet innførte euro 1. januar 2007. Tilsvarande gjekk Kypros og Malta ut av valutakurssamarbeidet 1. januar 2008. Slovakia gjekk ut av ERM2 1. januar 2009.

Publisert 3. mai 2003 10:47
Endret 9. mars 2011 18:39