Den internasjonale rolla til euroen

Den samla økonomien til eurolanda og EUs del av verdshandelen tilseier at euroen har potensial til å etablere seg som ein like stor valuta som dollaren.

I tillegg vil utviklinga i dei finansielle marknadene i EU vere viktig for rolla euroen har i det internasjonale monetære systemet. Det er òg avgjerande i kva grad euroen blir brukt som oppgjersvaluta i handel mellom tredjeland, og i kva grad han blir brukt som valuta for finansielle fordringar.

Det er store forskjellar på kor godt dei finansielle marknadene innanfor euroområdet er utvikla. Det trengst store strukturelle endringar for å kunne etablere ein integrert finansmarknad. Ulike språk, kulturar og tekniske standardar skaper skilje i dei finansielle marknadene. I tillegg er det framleis juridiske og skattemessige forskjellar mellom dei enkelte EU-landa.

Etterspørselen etter euro som reservevaluta er avhengig av i kva grad myndigheitene i andre land ønskjer å halde reservane sine i euro og eurodenominerte verdipapir. Valutareservar som tidlegare var denominerte i dei enkelte valutaene i eurosamarbeidet, er no reservar i euro. Enkelte land har derfor ein stor del euro i reservane sine. Omsyn til risikospreiing kan tilseie ein reduksjon i eurodelen for desse landa. Ein stor og likvid finansiell marknad for euro kan på den andre sida gjere det meir attraktivt for land med store prosentdelar dollar å veksle noko til euro for å spreie valutakursrisikoen.

I kva grad euroen blir vald som oppgjersvaluta for handel med varer og tenester, er avhengig av fleire faktorar. Slike faktorar kan vere stabiliteten til valutaen, vekta av valutaen i verdshandelen og preferansane til importørar og eksportørar. Etterspørselen etter euro til oppgjersformål er òg avhengig av i kva utstrekning finansielle instrument blir denominerte i euro.

Les om fleire aspekt ved den internasjonale rolla til euroen i ESB-publikasjonen "The International Role of the Euro, July 2008".

Representasjon i internasjonale organ

Ein felles valuta fører til at eurolanda i større grad enn tidlegare må uttale seg med ”éi stemme” i spørsmål som gjeld internasjonal økonomi. På bakgrunn av det er ESB og euroområdet representerte i fleire internasjonale organ.

Ifølgje statuttane til Det internasjonale valutafondet (IMF) er det berre statar som har lov til å delta i styret. ESB har derfor fått status som observatør til styret.

Finansministrane og sentralbanksjefane i G8-landa møtest jamleg for å diskutere økonomiske spørsmål. G8-landa er Canada, Frankrike, Italia, Japan, Russland, Storbritannia, Tyskland og USA. Formannen for eurogruppa og presidenten for ESB deltek dersom ein skal diskutere spørsmål som har med verdsøkonomien, multilateral overvaking og valutakurspolitikken å gjere. EU-kommisjonen deltek etter behov.

Publisert 3. mai 2003 10:48
Endret 9. mars 2011 19:04