Betalingssystem - TARGET

Ein føresetnad for at det kortsiktige rentenivået skal vere det same i heile eurosona, er at pengar kan bevege seg raskt og sikkert over heile området. Fram til eurosona blei etablert, var det derfor ei hovudoppgåve å få på plass eit betalingssystem som kunne sikre dette.

TARGET (Trans-European Automated Real-time Gross settlement Express Transfer system) er eit felles betalingssystem for medlemslanda i EU. TARGET bind saman betalingssystema til ESB og sentralbankane til medlemslanda. Det legg til rette for effektiv utøving av den felles pengepolitikken, samtidig som det gjer det mogleg med eit raskt og sikkert oppgjer av betalingar mellom landa. TARGET er eit RTGS-system (Real Time Gross Settlement). Det inneber at ein bank i eitt land kan sende eurobetalingar til ein bank i eit anna land i sanntid fordi kvar sentralbank òg har etablert eigne RTGS-system for eurobetalingar innanlands. I motsetning til transaksjonar som blir avrekna før oppgjer, har ikkje TARGET-transaksjonar noko tidsgap, og dermed aukar sikkerheitsgraden ved overføringa.

ESB har omfattande informasjon om TARGET.

Publisert 3. mai 2003 10:47
Endret 9. mars 2011 18:51