ESB og ESSB

Det europeiske systemet av sentralbankar (ESSB) består av Den europeiske sentralbanken (ESB) og dei nasjonale sentralbankane i dei 25 EU-landa. ESSB og ESB blei etablerte i 1998. ESB og dei 16 nasjonale sentralbankane i euroområdet blir kalla Eurosystemet.

Den europeiske sentralbanken (ESB) blei etablert i 1998. Banken samarbeider nært med dei nasjonale sentralbankane innanfor Det europeiske systemet av sentralbankar (ESSB) og innanfor eurosystemet. ESSB inkluderer òg sentralbankane til EU-landa som ikkje deltek i eurosamarbeidet. Euro er felles valuta for landa som deltek i den monetære unionen i EU. Pengepolitikken i euroområdet blir gjennomført av Eurosystemet. Euro blei innført 1. januar 1999, men var dei tre første åra berre ein elektronisk valuta. Setlar og mynt i euro blei sette i omløp 1. januar 2002.

Den europeiske sentralbanken

Det overordna målet for ESSB er å bevare prisstabilitet. Dei fire grunnleggjande oppgåvene til ESSB er

  • å formulere og gjennomføre pengepolitikken i euroområdet
  • å gjennomføre transaksjonar i utanlandsk valuta
  • å sitje inne med og forvalte dei offisielle valutareservane til medlemsstatane
  • å fremje velfungerande betalingssystem

I tillegg har ESB ein rådgivande funksjon i forhold til finansmarknadene. 

ESB-organisasjonen

ESB har tre styrande organ:

  1. Direksjonen: ESB-direksjonen består av ein president, ein visepresident og fire direksjonsmedlemmer. Direksjonen har ansvar for den daglege drifta av ESB og for å setje pengepolitiske avgjerder ut i livet. Direksjonen blir oppnemnd ved felles semje mellom medlemsstatane i euroområdet på stats- og regjeringssjefnivå. Medlemmene skal veljast på grunnlag av kor dyktige og erfarne dei er når det gjeld penge- og valutaspørsmål. Medlemmene i direksjonen blir valde for ein periode på åtte år, utan høve til attval. Medlemmene i den første direksjonen (frå 1998) blei valde for periodar av ulik lengd for å unngå at heile direksjonen måtte skiftast ut samtidig.
  2. Hovudstyret: Hovudstyret til ESB består av direksjonen i tillegg til sentralbanksjefane i eurolanda. Hovudstyret tek alle pengepolitiske avgjerder.
  3. Det utvida rådet: Rådet består av leiaren og nestleiaren til direksjonen og sentralbanksjefane i alle EU-landa, også dei som står utanfor eurosamarbeidet. Rådet medverkar mellom anna i dei rådgivande oppgåvene til ESB, fører rapportar om verksemda til ESB og førebur medlemskap for nye euroland.

Sjølvstende, truverd og openheit

ESB er uavhengig av dei politiske myndigheitene i EU. Verken ESB, dei nasjonale sentralbankane eller medlemmene av avgjerdsorgana deira skal søkje eller få instruksar frå fellesskapsinstitusjonar eller organ, frå regjeringane til medlemsstatane eller frå nokon annan instans.

Formålet med å fastsetje eit overordna mål om prisstabilitet og å delegere ansvaret for pengepolitikken til ein sjølvstendig sentralbank er å gjere det lettare å nå dei langsiktige økonomiske måla. Dessutan gjer det pengepolitikken meir truverdig.

ESB er oppteken av innsyn og openheit, og vurderingane til banken skal kunne etterprøvast. Til dømes blir det normalt halde pressekonferansar kvar månad. Det blir òg informert gjennom bankpublikasjonar. Mellom anna gir ESB ut månadsrapportar om den økonomiske utviklinga, med statistiske vedlegg og analysar av den økonomiske situasjonen. ESB er òg pålagd å utarbeide årlege utgreiingar for ESSBs aktivitetar og for pengepolitikken. Utgreiingane blir presenterte for Rådet av økonomi- og finansministrane (Ecofin) og for Europaparlamentet. I tillegg møter representantar frå ESB-direksjonen regelmessig til høyringar og utspørjingar i Europaparlamentet.

ESB har fått noko kritikk fordi verken referat frå møta til dei styrande organa eller dei individuelle vurderingane til styremedlemmene blir offentleggjorde. Mens kritikarane kritiserer ESB for slik å undergrave sitt eige ønske om openheit, seier ESB at formålet er å unngå å rette for stort politisk press mot dei enkelte styremedlemmene.

I tillegg har ESB ein rådgivande funksjon overfor finansmarknadene. ESB har òg, med støtte frå dei nasjonale sentralbankane, ansvar for å samle inn statistisk informasjon til bruk for ESSB og informere om den økonomiske utviklinga gjennom jamlege rapportar.

Les meir om ESB og euro:

Publisert 29. august 2007 09:18
Endret 4. juni 2014 19:42