Bankens historie

Noregs Banks historie strekkjer seg tilbake til 1816, men norsk pengehistorie starta allereie rundt år 1000.

Om lag 1000

Den første norske mynten vi kjenner til, er ein penning som blir tilskriven Olav Trygvasson omkring år 1000. Preging av myntar har vore ein einerett tillagd kongen. I lange periodar vart det ikkje slege mynt i Noreg, og behovet vart då tilfredsstilt gjennom import av framand mynt.

1628

Mark

4 mark, 1678

Det vart etablert myntverk i Christiania, basert på sølv frå gruvene og sølvverket på Kongsberg. Som eit minne frå den tida har vi framleis Myntgata i Oslo, om lag 100 meter frå den staden "Mynten" låg.

1686

Myntproduksjonen vart flytt til Kongsberg, der "Det Norske Myntverket" den dag i dag ligg ved Nybrofossen.

1695

Dei første norske "setlane" kom tidleg i europeisk samanheng. Berre Sverige og Storbritannia hadde gjort det før - også med ulukkeleg resultat. Kong Christian V gav sin ven, kjøpmann og skipsreiar Jørgen thor Møhlen frå Bergen rett til å utferde og betale med setlar som skulle vere gjeldande frå Åna-Sira og nordover langs kysten. Dette var ei handsrekning til Møhlen for at han skulle kome over ei likviditetskrise etter skipsforlis og tap i Vestindia, som delvis skuldast kongens politikk. Setlane var derfor tenkt å skulle gjelde berre i ein overgangsperiode på inntil 5 år før dei vart innløyste i mynt. Men i staden for å sirkulere som akseptert betalingsmiddel, vart setlane møtte med mistru og raske krav om innløysing i ekte vare, dvs. mynt. Møhlen kunne ikkje innfri desse krava raskt nok og gjekk konkurs.

1736

Rigsdaler Courant

5 Rigsdaler Courant, 1790

Den første setelbanken i Danmark/Noreg blir oppretta: Assignations-, Vexel- og Laanebanken – også kalla Courantbanken (etter den då gjeldande mynten: Rigsdaler Dansk Courant). Han var privat, men med eit regelverk utferda av kongen. Ut over å utferde setlar, lånte banken også pengar til staten. Men det var inga avgrensing på setelutferdinga, og det vart utferda altfor mange. I 1745 måtte banken halde opp med å løyse inn setlane i sølv, og verdien fall. Det hjelpte ikkje at staten i 1773 overtok banken og heldt fram med å bruke han til å finansiere statskassen.

1791 og 1799

For å ordne opp i pengesystemet vart det i 1791 danna ein ny setelbank, Den Danske og Norske Speciebank, med eit framsynt regelverk – og 3 filialar i Noreg. Reglane hjelpte ikkje, staten brukte også denne til å finansiere utgiftene sine. Han vart avløyst av Deposito-Cassen i 1799, men den same politikken heldt fram.

1813

"Statsbankerotten" er vorte ståande som nemning i Danmark for hendingane i samband med at Rigsbanken vart oppretta som ny setelbank 5. januar 1813 for å få orden på pengevesenet. Samstundes som banken vart oppretta, vart nemleg pengeverdien skriven dramatisk ned. Men også Rigsbanken vart brukt til å finansiere staten.

Noreg var no så godt som skilt frå Danmark, og prins Christian Fredrik hadde ansvaret for å leie statsstyret. Det var uår og statsinntektene svikta. For å skaffe staten midlar fekk han utferda setlar i eigen regi, dei såkalla "prinsesetlane", i tillegg til setlar frå Rigsbankens filial i Christiania. Desse prinsesetlane såg Carl Johan av Sverige på som setelfalskneri, og erklærte at dei som sat inne med dei, skulle reknast som falsknarar. Ei stund sirkulerte både Courantbanksetlar, Assignationsbevis, Skattkamerbevis, Rigsbanksetlar og prinsesetlar om ein annan, til hovudbry og forvirring.

1814

Grunnlovsforsamlinga vedtok etter hissig debatt med 79 mot 29 stemmer den såkalla "Eidsvoldsgarantien": Rigsbanken skulle få utferde 14 millionar rigsdaler i nye setlar – og forsamlinga garanterte personleg for kursen. Statsråd Karsten Thank kalla vedtaket ei nasjonal ulukke og gjekk av. Han fekk rett: garantien var ikkje eit løfte som vart gjeve, men eit løfte som vart brote.

Det er elles etter dei erfaringane ein hadde med setelbankar som er nemnde framom, ikkje underleg at mennene på Eidsvoll la avgjerande vekt på at Noregs Bank "ikkje skulle stå i forskot til staten", dvs. ikkje låne staten pengar.

1816

To år etter lausrivinga frå Danmark vart Noregs Bank oppretta ved lovsanksjon i Stortinget 14. juni 1816, etter at det først hadde vore i arbeid ei rekkje komitear som avløyste kvarandre etter tur før det til sist låg føre eit lovframlegg. Pengeeininga skulle vere speciedalar, delt i 120 skilling eller 5 ort ("rigsort") a 24 skilling.

Bankens sølvfond på 2 millionar speciedalar skulle i utgangspunktet skaffast ved frivillig teikning, men dette vart ein gedigen fiasko. Fondet måtte derfor gjennom dei etterfølgjande åra drivast inn ved tvungne innskot som skulle betalast med mynt eller edelt metall - den såkalla "Sølvskatten". For innskota vart det utferda aksjebrev. Stortinget hadde vedteke at hovudsetet skulle leggjast til Oslo dersom sølvfondet kunne reisast ved frivillig aksjeteikning – i motsett fall skulle det plasserast i Trondheim med avdelingskontor i Oslo, Bergen og Kristiansand.

Sølvskattprotokollene digitalisert og er søkbare via Digitalarkivet (Arkivverket) og Tidslinjer fra 1816 (Norges Bank).

1817

Det siste vart altså tilfellet. Verksemda opna i små, leigde lokale i Stiftsgaarden i januar 1817. Opningstida var ein time dagleg for setelombyte, to timar for utbetaling av lån og aksjeutbyte. Eitt av dei fem medlemene i direksjonen skulle vere til stades to timar dagleg. Direksjonen hadde to møte i veka, leidd av det medlemet som hadde lengst ansiennitet. Først frå 1893 fekk ein ein fast formann. Dei fleste i bankleiinga var elles innvandrarar i første eller andre generasjon frå Danmark eller Tyske statar. Setlane vart dei første åra trykte i Christiania, og måtte fraktast til Trondheim for å nummererast og underskrivast, ein transport som tok 12 dagar.

1818

Speciedalarsetelen skulle tilsvare "ein mark fint sølv etter kølnsk vekt", dvs. 233,85 gram, og det var meininga at han skulle bli fritt innløyseleg mot sølv i 1819. Men dalaren hadde falle i verdi i perioden etter at Noregs Bank vart oppretta, og ved lov av 13. august 1818 vart innløysingsplikta suspendert. Valutakursen fall deretter vidare.

1823

Stortinget vedtok 15. november 1822 at sølvinnveksling til kurs under den tidlegare vedtekne pariverdien skulle starte frå 1.1.1823. Det vart etablert eit intervall for sølvinnvekslingskursen, som vart justert nærare pari etter kvart, fram mot 1842.

1842

Speciedalaren blir omsider knytt til sølv til pari kurs i april 1842.

1874

Stortinget vedtok i pengelova som vart sanksjonert 4. juni 1873 å gå over til gullstandard og bruke nemninga kroner og øre saman med dalar og skilling, der 1 speciedalar = 4 kroner. Sølvstandarden vart avløyst av gullstandard frå nyttår 1874. Gullstandard hadde vorte tilrådd av ein internasjonal pengekonferanse i Paris i 1867 der også Noreg tok del. Føremålet var dels å få ein meir stabil pengeverdi (gull vart rekna som sikrare enn sølv), dels å få eit internasjonalt system med faste valutakursar overfor gull.

1000 kroner

1000-kronesetel, 1877-1901


Både under sølv- og gullmyntfoten var likevel høvet til å veksle inn setlar i myntmetall suspendert i lange periodar. Retten vart avvikla for godt i 1931.

1875

I lov om pengevesenet av 17. april 1875 vart dalar- og skillingnemninga avvikla, og det vart vedteke at "Pengeenheden skal være en Krone, som deles i 100 Øre". Dette var ei førebuing til at Noreg 16. oktober same år gjekk inn i den skandinaviske myntunionen. Unionen var etablert mellom Danmark og Sverige i 1873 etter framlegg frå ein felleskommisjon (der også Noreg tok del) om å etablere ei felles skandinavisk mynteining basert på gull. Han gjekk ut på at mynt frå dei andre landa skulle vere gjeldande mynt på linje med mynt prega heime i dei enkelte landa. Unionen fungerte til 1914. Etter det hadde han inga praktisk rolle, men vart ikkje formelt oppløyst før 1972.

1892

Ny lov om Noregs Bank vart sanksjonert 23. april 1892.

1897, 1906

Hovudkontoret Bankplassen 4

Bankplassen 4 var Noregs Bank
sitt hovudkontor 1906-1986.

Den 1. januar 1897 vart hovudsetet flytt til Oslo, og i 1906 vart ein ny hovudsetebygning på Bankplassen teken i bruk - av 80 tilsette inklusive dei som arbeidde i seteltrykkjeriet.

1914-18

Gullinnløysingsplikta blei mellombels oppheva 5.8.1914 og krona fekk dermed flyte. Det kom forbod mot utførsel av gull og sølv. Setelmengda vart firedobla under krigstida, likevel steig kroneverdien – som følgje av sterk vekst i handelsflåten sine fraktinntekter. Gullinnløysing blei på nytt innførd i mars 1916, men fordi setlane var meir verde enn den offisielle kursen mot gull, vart banken friteken for plikta til å kjøpe gull mot å levere ut setlar i april same år.

1920

Gullinnløysinga blir oppheva att, 19. mars 1920. Inflasjon og stor vareimport etter krigen førde til at krona miste tillit og fall kraftig i verdi. "Paripolitikken" førde til kursstiging, og i 1926 var krona i pari mot pund.

1928

Krona blir gullfest til pari kurs 1. mai og gullinnløysing blir innførd att.

1931

Gullstandarden blir oppheva 27. september, etter at Storbritannia forlét gullpariteten sju dagar tidlegare. Noreg og dei andre nordiske landa gjorde det same, og lét valutaene flyte, men var innstilte på å hindre skadelege svingingar i kursen.

1933

Det blir vedteke ein fast kurs mot pund, på kr 19,90.

Ark med setlar

Produksjon av setlar, 1930

1939

Kursen blir fastsett i høve til dollar, med kr 4,40 pr. dollar. Ettersom dollar var knytt til gull, gjekk Noreg dermed over til ein gullvalutastandard att.

1940-45

I 1940 vart Noregs Banks hovudsete mellombels flytt til London, ved at den lovlege norske regjeringa oppnemnde ein ny direksjon. Gullbehaldninga i banken vart over Åndalsnes, Molde og Tromsø berga over til England og vidare til New York og Ottawa. Gullet og andre valutareservar i banken var under kontroll av London-direksjonen. Kursen på den såkalla London-krona vart halden fast på kr 17,70 mot pund.

Samstundes heldt banken fram verksemda si i Noreg under ansvar av okkupasjonsmakta til krigen var over og leiinga i London vart løyst frå stillingane sine. Ein undersøkingskommisjon etter krigen konkluderte med at bankleiinga i Oslo hadde hatt ei fast og korrekt haldning overfor nazistyresmaktene.

Pengesanering vart gjennomførd 8.-22. september 1945 for å få bukt med eit for stort setelomløp og dermed hindre inflasjon.

1946

Noreg sluttar seg til fastkurssamarbeidet i Bretton Woods-avtalen frå 15. sept.1946. Pariverdien mot gull tilsvarte ein pundkurs på kr 20,00 og dollarkurs på kr 4,03. Maksimalt avvik skulle vere 1 prosent.

1949

Fram til 1949 var Noregs Bank formelt organisert som eit aksjeselskap. Ved lov av 8. juli 1949 vart private aksjonærar løyste ut, og aksjane overtekne av ulike statlege fond.

Britiske pund blir devaluert mot dollar med 30,5 prosent, som Noreg følgjer etter, til liks med fleire europeiske valutaer. Ny sentralverdi mot dollar blir kr 7,14.

Henry Welde

Gravør Henry Welde studerer
setlar med lupe, 1955

1962

Myntvesenet og Den Kongelige Mynt blir overførde frå staten til Noregs Bank.

1971

Bretton Woods-avtalen om fastkurssamarbeid bryt saman 15. august, og den norske krona flyt. Den 21. desember blir det inngått eit nytt samarbeid (Smithsonian-avtalen) med nye paritetar og svingemarginar på 2,25 %. Norske (og svenske og danske) kroner blir devaluerte med 1 prosent.

1972

Noreg sluttar seg 23. mai til det europeiske "slangesamarbeidet", der svingemarginen er det halve i høve til Smithsonianavtalen. Ein fekk altså et smalt svingingsband inni eit breiare. Kombinasjonen av desse to vart omtalt som "slangen i tunnelen".

1973

Smithsonianavtalen bryt saman. Slangesamarbeidet i Europa blir ført vidare. Det gjorde at krona vart flytande overfor valutaer utanfor samarbeidet, som dollaren.
Krona blir revaluert innanfor slangen med 5 prosent 16. november.

1976-78

Krona blir devaluert med 1 prosent 18.10.76, 3 prosent 4.4.77, 5 prosent 29.8.77, og 8 prosent 13.2.78. Bakgrunnen var ulik utvikling i pris- og kostnadsutvikling mellom landa innanfor slangesamarbeidet. Det vart for det meste gjort endringar i kursane for fleire land samstundes.

Den 12. desember 1978 gjekk Noreg ut av slangesamarbeidet og knytte i staden krona til ei korg av valutaer, der valutaene fekk vekter alt etter handelen dei respektive landa hadde med Noreg.

1982-86

Vektene i valutakorga vart 2. august 1982 endra i samsvar med IMFs vekter for konkurranseevna til eksportindustrien, noko som førde med seg ei verdinedjustering på 3,5 prosent. Krona vart devaluert 3 prosent 6. september same år.

I 1984 gjekk ein 2. juli over frå aritmetisk til geometrisk gjennomsnittsutrekning for valutakorga, noko som gav 2 prosent lågare kroneverdi, og 22. september vart det vedteke å halde krona 2 prosent svakare inntil vidare innanfor den gjeldande svingingsmarginen.

1985

Ny lov av 24. mai 1985 om Noregs Bank og pengevesenet (sentralbanklova) tok til å gjelde 9. september 1985. Samstundes gjekk banken over frå å vere eit aksjeselskap til å bli eit eige rettssubjekt som er eigd av staten.

1986

Hovudkontoret Bankplassen 2

Nytt hovudkontor på Bankplassen 2

Krona blir skriven ned med 9,2 prosent 11. mai.
Den 1. september 1986 flytte Noregs Banks hovudkontor og seteltrykkjeri inn i nytt bygg på Bankplassen i Oslo.

1988

Stortinget vedtok å leggje ned 8 av dei 20 distriktsavdelingane i Noregs Bank: Arendal, Drammen, Gjøvik, Halden, Hamar, Haugesund, Kristiansund N. og Skien.

1990

Krona blir knytt til ECU (den europeiske valutaeininga – forløparen for euro)

1992

Etter internasjonal valutauro i november og desember gjev Noreg opp tilknytinga til ECU 10. desember, og krona flyt (slik det også skjedde med svenske kroner, finske mark og pund og lire tidlegare på hausten).

1994

Retningslinjer for flytekursregimet blir presiserte 5. mai i forskrift frå regjeringa om kursordninga for krona.

1997

Forvaltinga av Statens petroleumsfond (frå 2006 Statens pensjonsfond - Utland) blir lagd til Noregs Bank.

Nytt oppgjerssystem for oppgjer i Noregs Bank mellom bankane blir sett i drift. Noregs Banks oppgjerssystem (NBO) inneber oppgjer fleire gonger gjennom dagen, med høve til enkeltoppgjer av store betalingar, og er eit steg mot større tryggleik i betalingsformidlinga.

1998

Full utskifting av myntrekkja er fullførd. Dette er første fulle utskifting av myntrekkja sidan 1875.

2000

Lov om betalingssystem tek til å gjelde. Lova innfører konsesjon og tilsyn med betalingssystem og gjev Noregs Bank dette ansvaret.

Den Kongelige Mynt på Kongsberg blir skilt ut som eige aksjeselskap frå og med 1. januar.
Representantskapet i Noregs Bank vedtek å leggje ned distriktsavdelingane i Bodø, Fredrikstad, Hammerfest, Vardø og Ålesund.

Noregs Bank etablerer kontor i London for å vidareutvikle kapitalforvaltinga.

2001

Ny forskrift om pengepolitikken blir fastsett i statsråd 29. mars. Noregs Bank skal setje renta med sikte på låg og stabil inflasjon. Inflasjonsmålet er sett til 2,5 prosent.

Saman med andre bankar etablerer Noregs Bank aksjeselskapet Norsk Kontantservice AS (NOKAS) 1. juli. Selskapet skal utføre kontanthandtering for bankane i Noreg, og for Noregs Bank skal selskapet utføre lovpålagde sentralbankoppgåver innanfor kontanthandteringa. Frå same tidspunkt blir dei attverande distriktsavdelingane lagde ned som avdelingar i Noregs Bank.

2003

Den Kongelige Mynt AS blir selt til Samlerhuset AS Norge og Mint of Finland og skiftar navn til Det Norske Myntverket. Aksjane vart overdregne 30. juni.

2005

Det blir 9. desember inngått avtale med Hafslund Sikkerhet AS om sal av Noregs Bank sine aksjar i NOKAS. Aksjane blir overdregne 6. januar 2006.

Shanghai-kontoret

Shanghai-kontoret

2007

Noregs Banks seteltrykkjeri blei avvikla i juni 2007 etter vedtak i hovudstyret i 2002. Frå 2008 vil norske setlar bli leverte frå kommersielle seteltrykkjeri i Frankrike og England. Les meir om seteltrykkjeriet si historie.

I november opna Noregs Bank Investment Management (NBIM) kontor i Shanghai.

2010

30. juni opna Noregs Bank Investment Management (NBIM) kontor i Singapore.

Meir litteratur om Noregs Bank si historie:

  • Noregs Bank : grunntrekk i administrasjon, oppgåver og historie / av Egil Borlaug
    1999, Norges Bank, 131 s.
  • Norges Bank 175 år : mennesker og begivenheter / Per Bang og Jon Petter Holter ; utgitt i samarbeid med Norges Bank
    1991, Oslo : Aschehoug, ISBN: 82-03-16717-9, 103 s. ill.
  • Gulltransporten / Asbjørn Øksendal
    1974, Oslo : Aschehoug, ISBN:  82-03-06337-3, 82-03-06336-5, 127 s.
  • Norges bank gjennom 150 år / Gunnar Jahn, Alf Eriksen, Preben Munthe
    1966, Oslo : [Norges Bank], XVI, 420 s.
  • Norges Bank i mellomkrigstiden / Nicolai Rygg
    1950, Oslo : Gyldendal, XI, 638 s.
  • Norges banks historie / Nicolai Rygg
    2 bind, 1918-1954, Kristiania : [s.n.]
Publisert 31. januar 2007 09:08
Endret 15. november 2010 17:12

Sjå også