FAQ - Valutakursar

  1. Kva er ein valutakurs?
    Valutakursen er prisen på eit lands valuta målt mot andre lands valuta, til dømes norske kroner per euro. Valutakursen blir bestemt i den internasjonale valutamarknaden ved at valutakursen skaper likskap mellom den samla etterspurnaden etter og tilbodet av valutaen.
  2. Kva er meint med fast og flytande valutakurs?
    Ved fast valutakurs grip sentralbanken aktivt inn i valutamarknaden med kjøp og sal for å halde den offisielle valutakursen. Ved flytande valutakurs, slik Noreg har, vil kursen spegle tilbods- og etterspurnadsforholda i den internasjonale valutamarknaden. Kronekursen gir uttrykk for den internasjonale verdien av norske kroner.
  3. Kvar finn eg tal for valutakursane?
    Tal for dagens kursar

    For å finne kursar på fleire valutaer enn det Noregs Bank noterer, kan ein til dømes sjå på Oanda.com
  4. Kva slags valutakursar er det Noregs Bank noterer?
    Valutakursane på Noregs Bank sine nettsider er midtkursar, det vil seie midtpunktet mellom kjøps- og salskursen i interbankmarknaden på eit gitt tidspunkt. Reint teknisk vil den europeiske sentralbanken (ESB) tett opp til tidspunktet for kursnoteringar hente inn ein aktuell kurs, til dømes norske kroner for ein euro, i interbankmarknaden frå bankar og elektroniske handlesystem og setje ein mest mogleg rett marknadskurs på dette tidspunktet.
    For valutaer som ikkje er omfatta av denne rapporteringa, vil Noregs Bank hente inn marknadskursar frå elektroniske informasjonssystem og/eller bankar. Fordi ein valutakurs alltid uttrykkjer forholdet mellom to valutaer, nyttar ein rapporteringa frå sentralbankane i andre land for å berekne valutakursar i norsk rekning.
  5. Når blir valutakursane publisert?
    Den europeiske sentralbanken (ESB) fastset valutakursane kl. 14.15, og det er desse Noregs Bank publiserer. Både ESB og Noregs Bank offentleggjer valutakursane  ca. kl. 16.00. Unntaka er onsdag før skjærtorsdag og nyttårsaftan, då blir kursane til Noregs Bank sette kl. 09.30. På julaftan blir ikkje valutakursane publiserte.
  6. Kan eg handle på valutakursane til Norges Bank?
    Valutakursane er berre meinte som ein indikasjon og er ikkje bindande for Noregs Bank eller bankane. Valutakursane til Noregs Bank blir ofte brukte som referanse og til historiske samanlikningar. Norske bankar kan ha forskjellige rutinar for når dei oppdaterer valutakursar som blir nytta i transaksjonar overfor publikum. Fordi valutakursane stadig vil kunne bevege seg, kan kursane til bankane avvike frå kursane til Noregs Bank. I tillegg er det lagt til kundemarginar for kjøp og sal på kursane til bankane, mens kursane til Noregs Bank er reine midtkursar.
Publisert 14. november 2007 17:46
Endret 2. februar 2016 15:25