FAQ - Setlar og myntar

  1. Kor mange setlar og myntar er i omløp?
    Utviklinga i omløpet for setlar og myntar finn du under "Statistikk over sedler og mynter" (tabell 1, 2 og 3). Omløpet varierer gjennom året og er vanlegvis høgst ved slutten av året. I tillegg offentleggjer Noregs Bank kvar månad tal for kontantar i sirkulasjon. Sjå Noregs Banks balanse.
  2. Bruker vi like mykje setlar og myntar no når vi har elektronisk betalingsformidling òg?
    Verdien av setlar og myntar i omløp utgjer ein stadig mindre del av verdien av betalingsmidlar som publikum disponerer (M1). Statistisk sentralbyrå utarbeider ei månadleg oversikt over pengemengda.
  3. Kva setel er den vanlegaste?
    Oversikt over kva setel som er den vanlegaste (flest i sirkulasjon), finst under "Statistikk over sedler og mynter" (Tabell 3). Tabellen viser utviklinga i talet på setlar for den enkelte setelvaløren dei fem siste åra (millionar stykk).
  4. Har gamle setlar og myntar samlarverdi?
    Enkelte setlar og myntar kan ha ein samlarverdi som er høgare enn den pålydande verdien. Mynthandlarar kan svare på spørsmål om samlarverdi, og det finst fleire katalogar med oversikt over slike objekt. Det Norske Myntverket har ei liste med lenkjer til mynthandlarar og numismatiske organisasjonar og foreiningar.
  5. Kan eg betale med gamle setlar og myntar?
    Setlar og myntar som er sette ut av omløp, sluttar å vere tvunge betalingsmiddel eitt år etter kunngjeringa.
  6. Kva gjer eg når eg har setlar og myntar som er ugyldige?
    Når ein setel eller mynt blir erstatta med nye utgåver, vil den gamle valøren vere tvunge betalingsmiddel i eitt år frå kunngjeringa. Deretter kan den gamle valøren vekslast inn i Noregs Bank i ytterlegare ti år. Sjå Veksling av ugyldige setlar og myntar
  7. Kan ein bruke minnemyntar til å betale med?
    Noregs Bank gir ut jubileums- eller minnemyntar i samsvar med sentralbanklova § 16. Desse myntane er tvunge betalingsmiddel og kan derfor brukast til å betale med. Slike minnemyntar blir som regel laga i edelt metall som gull og sølv, og utgivinga er avgrensa til markering av store nasjonale hendingar. Dei er primært samleobjekt knytte til desse hendingane og blir lite brukte som betalingsmiddel. Det har òg samanheng med at dei som samleobjekt som regel blir omsette til ein høgare pris enn pålydande. Desse myntane kan ikkje nyttast i automatar. Minnemyntar i edelt metall blir ikkje trekt tilbake slik som ordinære sirkulasjonsmyntar, og publikum kan veksle dei til pålydande verdi i Noregs Bank.

    Dei seinare åra har Noregs Bank ved nokre høve gitt enkelte av sirkulasjonsmyntane eit spesielt preg (med heimel i sentralbanklova § 13) for å markere særlege nasjonale hendingar. Desse myntane har identiske tekniske spesifikasjonar og den same pålydande verdien som den tilsvarande ordinære sirkulasjonsmynten, mens preget er forskjellig på revers eller på begge sider. Desse minnemyntane blir brukte som betalingsmiddel parallelt med dei ordinære sirkulasjonsmyntane. Dei kan òg nyttast i automatar på linje med dei ordinære myntane.
  8. Kven bestemmer korleis setlane og myntane skal sjå ut?
    I "Lov om Norges Bank og pengevesenet" (sentralbanklova) gir sentralbanken einerett på å utferde setlar og myntar. Det vil seie at det er sentralbanken som bestemmer korleis setlane og myntane skal sjå ut.

    Det å utvikle setlar og myntar er ei utfordrande oppgåve. Setlar og myntar må vere brukar- og behandlingsvennlege og tilfredsstille alle brukargruppene sine krav til eit sikkert og effektivt betalingsmiddel. I tillegg er setlar og myntar eit symbol for historia og kulturen til landet. For å vareta den kunstnariske utforminga og sikre korrekt bruk av portrett, riksregalia, riksvåpen og andre nasjonale eller kongelege symbol kan banken oppretta rådgivande komitear i dette arbeidet.
  9. Kva er meint med "tvunge betalingsmiddel"?
    Landets setlar og myntar er tvunge betalingsmiddel og kan brukast i alle betalingar som blir gjorde opp på staden. Både betalaren og betalingsmottakaren har rett til å krevje oppgjer i setlar og myntar. Sentralbanklova gir likevel ei avgrensing: "Ingen er pliktig til i en betaling å ta i mot mer enn femogtyve mynter av hver enhet."

    Finansavtalelova oppgir i § 38 kva reglar som gjeld for oppgjersmåten mellom betalaren og betalingsmottakaren. Utgangspunktet er at betalaren og betalingsmottakaren kan avtale andre måtar å gjere opp på, til dømes ved å bruke kontopengar. Betalingsmottakaren kan vidare anvise ein bestemt oppgjersmåte, til dømes bruk av bank eller post som medhjelpar, dersom det ikkje medfører vesentlege meirutgifter eller andre ulemper for betalaren.

    Dette svarer til føresegnene i gjeldsbrevlova § 3, som inneber at betalingsmottakaren til dømes kan krevje at oppgjeret som hovudregel blir gjennomført ved kreditering av kontoen hans dersom det ikkje er ei vesentleg ulempe for betalaren. Eit slikt krav hindrar ikkje betalaren frå å bruke tvungne betalingsmiddel då oppgjer ved hjelp av giro kan skje ved kontant innbetaling til bank eller post. Kva som er meint med vesentleg meirutgift eller ulempe, må vurderast konkret. I forarbeida til finansavtalelova står det at betalingsmottakaren ikkje kan krevje at betalaren gjer opp med bankkort eller ved hjelp av andre kort.

    Finansavtalelova gjer eit unntak for forbrukarar, som alltid kan krevje å få betale med tvungne betalingsmiddel på forretningsstaden til betalingsmottakaren, sjå § 38 (3). Forbrukar vil seie ein fysisk person når vara eller tenesta det blir gjort opp for, i hovudsak ikkje skal brukast i næringsverksemd.

    Det kan vere situasjonar der betalingsmottakaren har eit reelt behov for oppgjer med anna enn kontantar dersom forbrukaren skal få kjøpt ei vare. Det kan til dømes gjelde ved sal av bensin frå bensinstasjonar når stasjonen ikkje er betent. Finansavtalelova kan truleg ikkje tvinge bensinstasjonar til å vere betente natta igjennom.

    Ytterlegare spørsmål om korleis finansavtalelova skal tolkast, kan rettast til Justisdepartementet.
  10. Kvifor endrar ein utsjånaden på setlar og myntar?
    Med lov om pengevesenet av 17. april 1875 blei speciedalersetlane erstatta av dei første kronesetlane. Oscar II-setlane innleidde rekkja av moderne norske setlar, for første og einaste gong med portrett av kongen på framsida. Etter den tid er det gitt ut fleire setelutgåver. Endringane blir gjorde for at setlane skal vere effektive for brukarane. Det er viktig å sikre setlane best mogleg mot forfalsking, slik at publikum kan ha tillit til setlane dei bruker. Setlane må òg utformast slik at dei kan brukast som betaling på automatar og hentast ut frå minibankautomatar.

    Tidlegare måtte ein pengefalsknar ha tilgang til produksjonsutstyr og ha faglege kunnskapar for å lage gode etterlikningar av setlar. Den teknologiske utviklinga har ført til at forfalskingar kan gjerast på reproduksjonsutstyr som er tilgjengeleg mange stader. Derfor er det viktig å vere i forkant av utviklinga og utforme setlane slik at brukarane lett kan sjå at dei er ekte. Den teknologiske utviklinga kan føre til behov for hyppigare endringar enn tidlegare.

    Myntrekkja som kom i samband med innføringa av krona som den norske pengeeininga i 1875, bestod heilt fram til 1990-åra, då vi fekk ei ny myntrekkje. Endringane som blei gjorde med den gamle myntrekkja, var justeringar i samsvar med behovet i den kontante betalingsformidlinga. Ti- og femkronesetlane blei omgjorde til myntar, og dei minste valørane frå eitt øre opp til og med 25 øre blei tekne bort som mynteiningar. Den nye myntrekkja blei introdusert i åra frå 1994 til 1998. 50-øremynten blei trekt tilbake i 2012.

    Myntrekkja blei endra for å bli betre tilpassa til automatbruk, og for at myntane skulle bli lettare i vekt. Den nye myntrekkja er 25 prosent lettare i vekt enn den førre og vesentleg meir praktisk i bruk. Enkelte år gir sentralbanken ut spesialvariantar av 10- eller 20-kronemynten. Slike spesialvariantar blir gitt ut for å markere viktige nasjonale hendingar. Dei er ordinære sirkulasjonsmyntar som kan brukast parallelt med myntar som har ordinært preg. Det er òg vanleg at publikum tek vare på slike spesialmyntar som eit minne.

    Sentralbanken har òg tilgang til å gi ut minne- og jubileumsmyntar, med heimel i sentralbanklova § 16. Kongens myndigheit til å treffe vedtak om slike myntar skal bli gitt ut, er delegert til Finansdepartementet, jf. kgl.res. 27. mai 2011. Finansdepartementet delegerte denne myndigheita vidare til Noregs Bank 13. oktober 2014. Desse myntane blir ofte laga i edelt metall og er ikkje meinte å vere ordinære sirkulasjonsmyntar. Dei har likevel ein pålydande verdi og er tvunge betalingsmiddel. Dei kan seljast for ein høgare pris enn den pålydande, og Noregs Bank bestemmer korleis overskotet av sal av slike minnemyntar skal brukast.
  11. Kvar blir setlar og myntar produserte?
    Norske setlar blei fram til juni 2007 produserte i seteltrykkjeriet til Noregs Bank i Oslo. Seteltrykkjeriet blei avvikla i juni 2007 etter vedtak i hovudstyret i 2002. Frå 2008 har kommersielle sikkerheitstrykkjeri i utlandet levert norske setlar. Norske myntar, sirkulasjonsmyntar og minnemyntar blir produserte ved Det Norske Myntverket på Kongsberg.
  12. Korleis får eg kjøpt ubrukte setlar og myntar?
    Noregs Bank er bankane sin bank og har ikkje tenester for å betene publikum. Tenester som publikum spør etter, er det bankane som utfører. Privatpersonar og bedrifter hentar setlar og myntar i bankane og leverer inn overskotsbehaldningane sine der. Bankane leverer inn overskotsbehaldningane sine i Noregs Bank og hentar ut det dei treng for å dekkje behova til kundane. Nye setlar og myntar blir produserte etter kvart som behova oppstår, i første rekkje for å erstatte setlar og myntar som er tekne ut av sirkulasjon. Deretter blir behovet for ny produksjon justert etter samfunnets bruk av kontantar som betalingsmiddel.

    Du kan kontakte banken din eller ein mynthandlar dersom du ønskjer å kjøpe spesielle kvalitetar av setlar og myntar, til dømes ubrukte.

    Enkelte bankar og mynthandlarar sel òg spesialprodukt som myntsett og liknande.
  13. Kva gjer eg dersom eg har ein falsk setel?
    Dersom du har teke imot ein falsk setel som betaling, har du tapt den summen. Du må ikkje bruke ein falsk setel som betalingsmiddel. Då risikerer du å få fengselsstraff.

    Dersom du har ein falsk setel, bør du melde frå til politiet. Når vi oppdagar falske setlar i setelbehandlinga vår, leverer vi dei til politiet, slik at dei kan etterforske saka. Politiet får inn falske setlar frå heile landet, slik at dei skal kunne undersøkje om det er nokon samanheng mellom dei enkelte sakene.
  14. Korleis ser eg at ein setel er ekte?
    Setlane (utgåve VIII) innehelder mange sikkerhetselementer som du bør gjøre deg kjent med.
  15. Kva skjer med slitne eller øydelagde setlar?
    Det høyrer med til Noregs Bank sitt ansvar som utferdar å produsere nye setlar for å erstatte setlar som blir slitne eller skadde. Dei slitne setlane blir leverte inn til Noregs Bank frå bankane, og setlar som skal erstatte dei, blir utleverte frå Noregs Bank til bankane. Dei slitne setlane blir destruerte etter at dei er leverte til Noregs Bank og det er kontrollert at dei er ekte.
  16. Kva gjer eg med ein øydelagd/defekt setel?
    Noregs Bank har følgjande reglar for innveksling av øydelagde/defekte setlar:
    - Minst 55 prosent av setelen i behald gir full erstatning.
    - 50–55 prosent av setelen i behald gir halv erstatning.
    - Under 50 prosent av setelen i behald gir inga erstatning.

    Innløysing av ein øydelagd setel som består av fleire delar, skal berre skje dersom delane påviseleg stammar frå den same setelen. Setelnummeret har ikkje noko å seie her, det er storleiken på den øydelagde setelen som gir grunnlag for erstatning. I tvilstilfelle blir defekte setlar sende til Noregs Bank som ei erstatningssak med ei kort saksopplysning og med eit kontonummer, slik at vi eventuelt kan godskrive kontoen din for verdien. Sjå Forskrift om erstatning for bortkomne, brente eller skadde sedler og mynter.
Publisert 14. november 2007 17:09
Endret 9. november 2017 12:00