FAQ - Euro

  1. Kvar finn eg informasjon om euro?
    Vi har informasjon om Den europeiske sentralbanken og euro på Internett-sidene våre. Der finn du òg lenkjer til andre som har informasjon om euro.
  2. Kvar er euro brukt?
    Euro blei innført 1. januar 1999, men var berre ein elektronisk valuta dei tre første åra. Setlar og myntar i euro blei først sette i omløp 1. januar 2002.
    Frå 1. januar 1999 var elleve land med i euroområdet: Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Luxembourg, Nederland, Portugal, Spania og Tyskland. Hellas gjekk over til euro 1. januar 2001. Slovenia innførte euro 1. januar 2007, Kypros og Malta 1. januar 2008, Slovakia 1. januar 2009 og Estland 1. januar 2011.
  3. Kvar kan eg veksle om setlar som er erstatta av euro?
    Euro i form av setlar og myntar blei innført 1. januar 2002. Frå 1. mars det året var euroen einaste lovbestemte betalingsmiddel i landa i euroområdet. I dei fleste av desse landa blei omvekslinga i vanlege bankar avslutta 28. februar 2002, men sentralbankane i dei respektive landa utfører framleis slik omveksling. Dei utgåtte valutaene kan ikkje vekslast inn i Noregs Bank.
    Det er ulike reglar for kor lenge dei nasjonale sentralbankane kjem til å utføre slik veksling, men for setlar er fristen minst ti år. Sentralbankane kan ha meir detaljert informasjon om kvar og korleis veksling kan utførast.
    Reglar for omveksling
    Liste over sentralbankar som har nettsider (BIS)
Publisert 14. november 2007 17:07
Endret 5. oktober 2012 13:42